Økonomisk støtte til dei som måtte ha behov

Voldabadet

Barn frå låginntektsfamiliar skal også få delta på symjekurs eller vere med på symjetrening/symjestemne.

Vår hovedsponsor, Sparebanken Møre har i sponsoravtalen vår ein øyremerka pott som skal kunne dekkje heile eller deler av kostnadane til kurs-/treningsavift. Barn i alderen 8-13 år får dekt kr 1500,- av den årlege treningskontigenten på kr 2500,- Det vil seie at det blir sendt ut faktura på kr 500,- pr halvår. Den årlege treningskontigenten blir fakturert av VTI-Allidrett via Min idrett. Dersom økonomi er til hinder for evt. deltaking på stemne eller kjøp av klubbkle kan førespurnad sendast til dagleg leiar Jan Erik Hestholm. [email protected] eller Tlf 483 84 333 (kl 9.30-16.00).

Førespurnaden blir naturlegvis handsama konfidensielt.

Del nyheita:

Relaterte nyheiter

Volda Symjeklubb og Sparebanken Møre

Sparebanken Møre og Volda Symjeklubb inviterer små og store til gratis badedag! Dette blir ein dag full av aktivitet, glede og trygge opplevingar i vatn – perfekt for familiar, barn […]

Paratreningsleir i Voldabadet i januar 2026

Frå fredag 9. januar til søndag 11. januar samla parasymjarar frå fleire klubbar seg i Voldabadet til ei treningshelg prega av både høg kvalitet på øktene og sterkt sosialt fellesskap. […]