Historie

Symjegruppa 1970 - 1999 – Artikkel i jubileumsboka til VTI utgitt 1999, av Jørund Fet

Symjehallen i Volda er stappande full. Folk sit på harde trebenkar med naboen nærast på fanget, dei sprekaste har klatra opp i vindauga og har funne seg plass der – godt oversyn!

Denne laurdagskvelden oppunder jul har symjegruppa i Volda fått plassert 550 betalande tilskodarar innom dørene. Det er varmt, luftfuktigheita mildast tala høg, men stemninga er på topp. Publikum har vore vitne til stor idrett, og meir er i vente. Nett no er nokre av dei fremste stuparane – iblanda lokale aktørar – i full gang med sine halsbrekkande og dristige utsprang og nedslag frå stupetårnet.

Sverre Stoje påkallar merksemd der han står bakerst på sviktbrettet på tre-meteren: ”Jeg er en fugl”, seier han. Så spring han fram, tek sats og skyt som eit prosjektil ut frå brettet i ein dristig boge. Jammen kvitrar han ikkje óg! Men fuglen må ein gong lande, og det gjer han femten meter ut i bassenget – og ein meter frå kanten. Eit stort plask bløyter dei tjue / tretti næraste publikumarane, likevel letta avdi han landa i vatnet, og ikkje oppå dei.

Når folk i Volda (og Ørsta) blir bedne om å fortelje kva dei hugsar frå symjestemna i Volda på 70-talet, trur eg slike og tilsvarande minne vil vere blant dei første som blir trekte fram. Og stemnet dette minnet er henta frå er sjølvsagt:

Julelauget

Det blei fort ein tradisjon at symjegruppa skipa til eit symjestemne ei av dei siste helgene før jul, som ei avslutting på haustsesongen. Ein ville gjerne at stemnet skulle ha eit variert innhald med eit uhøgtidleg preg, der ein fekk vist fram andre vatnaktivitetar som stup og synkronsymjing, i tillegg til konkurransesymjinga. Også den var variert: frå spanande stafettar mellom borna på dei ulike skulane i Volda og Ørsta til toppsymjing av eliteutøvarar på internasjonalt plan. Det blei sette både norske og nordiske rekordar i bassenget. Denne blandinga gjorde Julelauget fort til eit unikt stemne som dei fleste symjeinteresserte i Noreg hadde hørt om, og etter kvart gjerne ville vere med på.

Allereie i 1969 kan vi lese i ”Møre” at Julelauget vart avvikla med innslag av komiske stup, putekrig på ein stolpe festa på fem-meteren og oppvising av synkronsymjing ved Jorunn Braute. Dag Lindebjerg var entusiastisk speaker, og etter intens kniving vann Realskulen skulestafetten føre Gymnaset. Med det hadde Julelauget fått forma det kom til å ha i mange år framover.

Primus motor

Som nemnt i Olai Egset sin artikkel om dei første åra i symjegruppa si historie, kom Dag Lindebjerg til Volda hausten 1969, og byrja då som trenar i klubben. Hans rolle i utviklinga av symjeidretten i Volda kan ikkje undervurderast.

Lindebjerg kjente mange i symje-Noreg, spesielt i Bergen der han kom ifrå. Hans gode kontaktnett og evne til å ”selje” Julelauget bidrog til at Volda bortimot kvart år i 70-åra blei vitja av landslagsymjarar, eitt år også frå Sverige. Det hjelpte óg at VTI under Lindebjerg si trenargjerning sjølv fekk fram symjarar på nasjonalt nivå som kunne gi god konkurranse til noregseliten. Då blei det meir attraktivt for dei å kome hit.

Norsk rekord

I 1970 kom den første norske rekorden sett i Volda. VTI hadde invitert symjarar frå Bergen og Trondheim, og dei ville kome. Frå Oslo skulle Jan Erik Korsvold slutte seg til stafettlaget til BSC, med blant andre Sverre Kile på laget – son til den utflytta voldingen Svein M. Kile. Stemnet starta , men ingen Korsvold var å sjå, flyet frå Fornebu var forseinka. Stemnet gjekk sin gang, og like før dei avsluttande stafettane kom endeleg fjerdemann på laget til BSC. Ein pause blei laga for ei kort oppvarming, men nokså ubudd stilte Korsvold opp på pallen – og symde sitt livs løp. Heilt uventa slo bergensarane inn til ny norsk rekord på 4 x 100 m fri, tid 3.50,4. Og om kvelden blei rekorden høveleg feira.

Tre år seinare finn vi ein annonse i ”Møre”: ”Symje og stupshow av toppklasse med VM-symjarane Trine Krogh og Grethe Mathisen samt Nordvestlandets beste. Vaksne kr. 5,-. Born kr. 3,-.” Blant desse Nord-Vestlandets beste finn vi den nye generasjonen av voldasymjarar som Dag Lindebjerg, og eit år Frode Moe, hadde vore trenar for: Hogne Rørvik,

Tor Arne Hestholm, Stein Gjøsund, Jørund Fet, Unni Fet, Anne Marit Støve, Åse Sandnes, Sidsel Goksøyr, Tone Berg Rusten, Sissel Viddal, Elin Leikanger og Runa Bakke. Blant ”veteranane” var framleis Leif Nilsen i trening, og symde fort.

Dette lauget resulterte i to nye norske rekordar: Grethe Mathisen symde 100 m fri på 1.00,1 og Trine Krogh 200 m medley på 2.31,0. Korleis gjorde voldasymjarane det? Det blei sett sju krinsrekordar. Ei tolv år gamal voldajente hadde prestert årsbeste i landet for juniorar på 200 m bryst, og fekk på stemnet overrekt pokal som Volda sin beste idrettsutøvar i 1973. Ho heiter Runa Bakke.

Nordisk rekord

Kunne eit slikt jubelstemne bli overgått året etter? Det kunne det. I førehandsomtalen av Julelauget 1974 seier Ove Wisløff (Alta): ”Jeg satser på norsk rekord”. Frå femten klubbar i landet kom toppsymjarar som Elin Knag, Torill Bergersen (BSC), Gunnar Gundersen (Åsnes), Bent Brask (Drøbak), Kjell Nedregaard (Ålesund) og Lene Jensen (Kongsten). Den same Lene Jensen som i 1978 tok sølv i VM på 100 m fri.

Den svenske OL-meisteren frå 1972 Gunnar Larson hadde dei nordiske rekordane på brystdistansane, og Ove Wisløff satsa på å gjere dei begge til sine. Publikum følgde intenst med Dag Lindebjerg si sekundering frå speakerbordet – ville han klare det? Hallen kokte då Ove Wisløff lukkast: Ny norsk og nordisk rekord på 100 m bryst (1.06,4), og noko seinare i stemnet på 200 meter (2.25,6). I tillegg feia Bent Brask gjennom 200 m medley til ny norsk rekord for juniorar (2.18,89). Symjehallen i Volda var blitt eit rekordbasseng.

Voldajentene sette seks nye krinsrekordar, og gutane ein. Blant anna av Anne Mari Falkevik, ålesundsjenta som hadde meld seg inn i klubben den hausten. Ho hadde vore den dominerande symjaren på spinnesida i fylket gjennom fleire år, spesielt på ryggdistansane der ho var i noregseliten. Allereie i 1971 var ho blitt noregsmeister for juniorar. Det siste året hadde ho gått på Gymnas i Kristiansund og representert KSLK, men sommaren 1974 flytta ho til Volda. Ein annan sterk ryggsymjar hadde òg flytta til Volda: Thor Åge Midtun frå Svelgen. Begge desse styrkte stafettlaga monaleg.

Straumbrot og allsong

Julelauget i 1975 blir nok hugsa for dette: midt under stemnet gjekk straumen! Det er i slike tilfelle ein avslører evner til å improvisere. Frå ulike kjelder blei det organisert stearinlys som ein plasserte rundt omkring i hallen, og ei nærast vakker og trolsk stemning oppstod. Så fann stup- og showparet Sverre Stoje og Roar Løken ut at dei skulle bidra med underhalding frå fem-meteren. Ein gitar blei trylla fram, og paret framstod som ein duett som etter kvart klarte å dra i gong allsang av ymse kvalitet. Då blei stemninga meir laussleppt. Halkjelsvika Spelemannslag, som elles brukte å stå for musikkunderhaldinga på Julelauget, slapp ikkje til. Men dei som syntest at showparet sine talent meir låg på det akrobatiske planet, blei berga av at straumen kom tilbake etter tjue minutt, og stemnet kunne halde fram.

På 200 m bryst tok voldajentene firedobbelt ved Runa Bakke, Kine Graaner, Sissel Viddal og Elin Leikanger. Volda hadde no eit stafettlag i brystsymjing i noregstoppen, og Runa Bakke kjempa for å kvalifisere seg til juniorlandslaget.

Verd å merke seg er Kine Graaner sin innsats. Denne talentfulle jenta hadde saman med sine treningskameratar frå Ørsta, Bo Graaner og Torill Myklebust, meld overgang til Volda i september. Kine Graaner var allereie blant dei fremste symjarane i si årsklasse, og var i startgropa til den fremste symjekarrieren i klubben si historie.

Kronikøren har greidd nøye ut om norske rekordar sett i Volda. Det einaste som manglar er ein norsk rekord sett av ein voldasymjar. Det skjedde på Julelauget året etter.

Voldarekord

Hausten 1976 troppa ei blid Kristiansandsjente opp på symjetreningane i Volda. Bente Eriksen var etablert som landets fremste ryggsymjar med fleire meisterskap og rekordar. Ho hadde dei gjeldande noregsrekordane på 100 og 200 m rygg, og var fast inventar på landslaget. Det seier sitt om statusen til symjemiljøet i Volda at ein slik kapasitet ville satse vidare på symjekarrieren sin i Volda. I dette ligg det óg ein bevisst strategi frå trenar Dag Lindebjerg si side. For å skape godt treningsmiljø og høg kvalitet på treningane fekk symjetalent frå regionen tilbod om å melde seg inn i klubben. Dei som ville satse på idretten gjorde det. Det nye var at ei allereie etablert stjerne vart medlem. Denne ”politikken ” gjekk også hand i hanske med trenaren sine planar om å bygge stafettlag i Volda som kunne ta gull i meisterskap.

Ei anna nyinnmeld jente var Tove Riise frå Svelgen, som hadde sin styrke på fridistansane.

17. desember 1976 tangerte Bente Eriksen sin eigen norske rekord på 100 m rygg med tida 1.07.7. Dette var den første og einaste individuelle noregsrekorden sett av ein voldasymjar, men det var ikkje første gong symjarar frå VTI hadde tatt noregsrekordar. Voldajentene hadde to gongar før sett stafettrekordar, i 1974 på 4 x 50 m fri og i 1975 på 4 x 100 m bryst (juniorrekord). Dei historiene vil bli fortalt seinare.

Elles var dette eit julelaug med dei yngste i hovudrollene. Bak toppsymjarane i klubben gjorde dei andre stor framgang, til dømes Karl Fredrik Styr på bryst og butterfly, og vidare på bryst: Knut Magne Årseth, Hege Leikanger og Ingeborg Strand, på fri: Janne Hestholm og Per Harald Engeset.

Som ein forstår var Julelauga svært inspirerande konkurransar å ta del i for arrangørklubben sine symjarar. Når ein studerer statistikk over besteresultata til den einskilde utøvar, kvar og når klubbrekordane er sette, ser ein fort at svært mange av voldasymjarane presterte sitt beste nettopp på julelauga. Treningsopplegget bygde opp til toppform like før jul, eit entusiastisk publikum på heimebane og noregseliten på startpallen ved sidan av kunne få lokale symjarar til å overgå seg sjølv.

Fleire rekordar

Utanom våre eigne symjarar i noregseliten fann to landslagsymjarar frå Lambertseter og Skien vegen til Volda i desember 1977, Vibeke Olsen og Guri Kogstad. Og voldapublikumet blei ikkje snytt. I første øving betra Vibeke Olsen brystrekorden på 100 meter til 1.15,6, og i den aller siste slo Guri Kogstad handa inn til ny rekord på 50 m fri, 27,1.

I 1977 hadde fleire av dei eldre symjarane i klubben slutta, trappa ned eller var utvekslingsstudent i USA, og vi finn ikkje dei på resultatlistene. Dag Lindebjerg var flytta frå Volda til stilling i Symjeforbundet i Oslo – men stilte opp som speaker på Julelauget! Kine Graaner utvikla seg no mest som butterflysymjar og sette ny jr. krinsrekord på 100 meter med 1.08,5.

1978 var siste året det blei sett norske rekordar under Julelauget. Vibeke Olsen kom tilbake og betra sin årsgamle rekord på 100 m bryst med ein tidel til 1.15,5. No innmeld i Larvik satsa ho og dei tre lagveninnene hennar på nordisk rekord på 4 x 100 m fri. Dei kom to tidelar forseint, men ikkje til ny norsk rekord: 3.58,6. Den tredje rekorden sto Cathrine Bomstad (Larvik) for på 100 m rygg. Den nye juniorrekorden blei kraftig betra (1,2 sek.) til 1.07,.8.

Juleauget sin ”glansperiode” gjekk mot slutten. 1979 var siste året etablerte landslagsymjarar vart inviterte langvegsfrå for å symje i Volda. Ingen nye rekordar vart sette , sjølv om Cathrine Bomstad mangla fire fattige tideler på 200 m medley. Desto meir gledeleg var det at søskenparet Kine og Bo Graaner presterte topptider og plasseringar på stemnet. Bo Graaner vann 100 m fri på 55,9, ingen voldasymjarar har verken før eller etter symd raskare. Kine Graaner gjorde bestetider på 100 m butterfly og fri, og melde seg med det på i konkurransen om å kvalifisere seg til Noreg sitt stafettlag på 4 x 100 m fri for damer. Plassen på juniorlandslaget var trygg. Den sterke brystsymjaren frå Ålesund, Kjell Nedregaard, symde no for Volda, og gjorde tider som stadfesta hans plass på landslaget. Bak einarane hadde dei nestbeste fin framgang, til dømes Børge Hatlebrekke, Helge Sverre Jensen, Elin Håvik og Mari Heltne.

Rekruttstemne og julesleiv

Med dette stemnet var ein epoke i Julelauget si historie over. Ut over i 80- og 90-åra byrja det meir og meir å likne på eit vanleg stemne med lokal og regional deltaking. Prestasjonar på topp nasjonalt plan vart det færre av, men mot slutten av 80-talet byrja ein ung gut å gjere tider som var blant dei beste i landet i hans årsklasse. Håvard Haugen tok seinare sølv i NM for junior.

Men om det vart lengre mellom topptidene og rekordane, var breidda desto meir imponerande. Julelauget var framleis eit populært stemne med stor deltaking, gjerne 120 – 160 aktive.

Og nokre tradisjonar vart det halde liv i, i 1980 heldt to juniorlandstuparar flott oppvising, i 1984 vart det framleis halde oppvising i synkronsymjing,. I dag er Julelauget eit stort rekrutteringsstemne der dei nye rekruttane for første gong sym sin 25 meter. Smågutar og småjenter frå heile Sunnmøre møter opp og vil gjerne ha deltakarpremien sin, julesleiva.

Ved å fortelje om Julelauget si historie har lesaren fått eit delvis oversyn over kronologien i symjegruppa si historie. For å få eit meir utfyllande bilete må fleire historier forteljast.

Rekordbassenget

No når Symjehallen kjem til å vere stengt for oppussing sesongen 1999/2000, kan det vere interessant å fortelje litt om bassenget i Volda. Ikkje få noregsrekordar er sette der, og faktum er at det blir rekna som eit raskt basseng. ”Det har god glid”, sa Ove Wisløff før dei nordiske rekordforsøka sine. Men bassenget har høge kantar som skaper mykje bølgjer og utilfredstillande festeordning for baneskiljarane som hemmar den bølgjebrytande effekten. Startpallane er ikkje godt nok utforma for grabstartteknikken. Så kvar ligg hemmelegheita? Hovudforklaringa ligg i den noko sjeldne blandinga av ferskvatn og saltvatn, som gir betre oppdrift enn i dei fleste andre basseng. Dessutan gjorde vaktmeistrane ein god jobb – eg vil nemne Hilmar Nilsen og Brynjulf Jensen som gode støttespelarar for symjegruppa i 70- og 80-åra – med å varme opp vatnet nokre grader ekstra føre storstemna (i dag held vatnet jamt slik temperatur). Dette skapte gode forhold, spesielt på sprintøvingane.

Vil det nyoppussa bassenget få like god ”glid”?

Treningskvardagen

”Korleis går det?” ”Jau, det går no bra, – fram og tilbake, fram og tilbake, fram og tilbake…”

Omlag slik høyrdest ei replikkveksling ut mellom ein interessert utanforståande og ein aktiv symjar ein gong, og alle symjarar har vel ein eller annan gong har møtt utsegner om at symjetrening må vere grufullt kjedeleg. Det verkar som det er få mulegheiter for variasjon. Dessutan, for å bli god til å symje, så må ein symje. Ein er omgitt av eit anna element enn til vanleg (vårt første), og joggeturar hjelper i liten grad på symjeforma. (Derimot skiturar…)

Men symjing er ein mjuk idrett som trenar heile kroppen og medfører svært liten skaderisiko.

Difor toler symjarar mykje trening, og ligg gjerne i fremste rekke når det gjeld treningsmengder. Fysisk sett toler symjarar mykje trening, kunsten er å ha den psykiske motivasjonen for treningsmengdene. Symjegruppa med Dag Lindebjerg i spissen stod nok for noko heilt nytt i Volda når det galdt å trene mykje, og å oppnå resultat med det.

Korleis blei det trent, og kor mykje? Det varierte mykje gjennom sesongen, hovudprisippet går ut på at formtoppar blir prikka inn ved gradvis å bygge opp med mykje mengdetrening for fram mot meisterskap å trappe ned på kvantiteten, men auke på kvaliteten. Tony Roberts, symjegruppa sin hovudtrenar i dag, praktiserer med hell å gi symjarane heilt fri frå trening eit visst tal dagar før konkurransen. Det gir overskot til topprestasjonar.

I intense periodar kan ein symje opp mot 12 – 15 tusen meter kvar dag, fordelt på to eller tre økter. I tillegg kjem styrke- og uttøyingstrening. Treningsdagbøker viser at på eit år kunne ein symje 1,5 million meter, i løpet av karrieren 7-9 million. Det kan høyrast mykje ut, men vedkomande som eig desse dagbøkene lever i beste velgåande i dag, og har ein suksessfull og innhaldsrik karriere bak seg.

Jentene

Observante lesarar vil ha registrert at det var jentene som gjorde størst suksess blant voldasymjarane i glansperioden på 70-talet. Ein kan jo spekulere på kvifor.

Dette er først og fremst utslag av tilfeldigheiter, symjeidretten har ikkje spesiell appell til jenter framfor gutar. Til samanlikning kan det opplysast at elitepartiet i dag berre består av gutar!

I konkurransar stiller sjølvsagt gutar og jenter i forskjellige klasser, men ikkje på trening. Her trener dei som er jamngode ilag, uansett kjønn. Det er ikkje unikt for symjeidretten at gutar og jenter trenar i lag, men likevel eit positivt trekk ved symjinga. Det legg til rette for eit godt klubbmiljø. Det blir eit anna samspel i gruppa når den består både av jenter og gutar, enn om ho berre består av jenter eller gutar. I treningsarbeidet var nok jentene vel så tøffe som gutane, men kunne likevel ha utbytte av å henge seg på dei raskaste gutane. Dei heldt trass alt høgare fart i bassenget, om dei ikkje nådde like langt opp på resultatlistene. Og heilt sikkert: gutane måtte kjempe for å halde jamngode og betre jenter bak seg, eller halde følge med dei.

Men det var blant jentene dei største idrettstalenta dukka opp i symjegruppa på den tida, og suksess avlar suksess. Når ein lukkast i å nærme seg noregseliten, dreg det gjerne andre med seg, dei ser det går an. Dessutan blei det som tidlegare skrive, bevisst satsa på å bygge opp jentelag som kunne hevde seg på stafettane. Spesielt galdt det stafettane i brystsymjing.

Jentegjengen var stor og god, og trekte til seg symjetalent som opphavelege ikkje høyrde til i Volda: Anne Mari Falkevik, Kine Graaner, Torill Myklebust, Tove Riise og Bente Eriksen.

Hoppar vi fram på 90-talet finn vi at berre ein symjar frå Volda har kvalifisert seg til eit senior-NM. Det var óg ei jente: Anne Vigdis Eiksund.

Stafettgullet vi aldri fekk

Året er 1976 og staden er Trondheim. Voldasymjarane har vore på treningsleir på Oppdal i vinterferien og avsluttar den med eit stemne i Trondheim. Kine Graaner skal symje førsteetappen på 4 x 100 m bryst og forventingane er store. Har ho og lagveninnene hennar forma inne for norsk rekord?

Maxløpet

Kine Graaner satsar alt og opnar knallhardt, hundremeteren går unna på 1.17,4, ei fantastisk betring av gamlepersen. Dei andre følgjer opp. Ingeborg Strand sym sin beste hundremeter hittil, det same gjer Sissel Viddal og Runa Bakke feiar gjennom ankeretappen slik at sluttida blir 5.27,0. Ny norsk juniorrekord med 7,6 sekund! – trudde vi. Nedturen kjem når det blir opplyst at Runa Bakke er diskvalifisert for ureglementert brystsymjing, protestar hjelper ikkje. Men her er trøysta: gjeldande rekord var det nettopp Volda som hadde, sett halvåret før.

På eit stemne i Volda i oktober 1975 symde dei same jentene inn til norsk juniorrekord, med unntak av Ingeborg Strand, som den gongen var utkonkurrert av Elin Leikanger om plassen på laget. Tid: 5.34,6. Likevel, så fort som 5.27,0 kom aldri stafettjentene til å symje nokon gong seinare.

 

Favorittar

Fire månader etter å ha prestert den fantastiske stafetten i Trondheim, stod jentene klare igjen i Molde under junior-NM. Dei var favorittar, hadde gjeldande juniorrekord og hadde vist at dei var gode for å symje monaleg fortare enn den. Dei hadde nyss betra sin eigen rekord i Bergen to månader før, rekordtida (jr.) 5.31,3 hadde gitt bronsemedaljar under senior-NM. Men denne gongen var ikkje forma like god. Dei kom i mål tre sekund bak Skienjentene på ei svak tid, og det blei sølv – for tredje gong! Var det ikkje trent godt nok før NM, var treningsopplegget feil, var nokre indisponerte? Spørsmåla får stå utan svar.

Medaljefangsten

Historia om stafettjentene startar i 1973. Prestasjonen i senior-NM, ein fjerdeplass, gav von om dei første voldamedaljane i ein Noregsmeisterskap under jr.-NM seinare på året. Og det var frilaget som slo først til. Anne Marit Støve, Sidsel Goksøyr, Åse Sandnes og Unni Fet symde inn til sølv. Brystsymjingslaget tok óg sine første medaljar: Sissel Viddal, Randi Aske, Runa Bakke og Elin Leikanger tok bronse.

Året etter tok dei same jentene ein ny bronsemedalje på 4 x 100 m bryst. Frilaget klarte óg å gjenta prestasjonen frå året før ved å ta sølv, no med Tone Berg Rusten på laget i staden for Sidsel Goksøyr. Tilsvarande plasseringar i senior-NM var 4. og 5. plass, minst like gode prestasjonar.

I 1975 var laga forsterka med Anne Mari Falkevik. Til NM i Kristiansand reiste ein stor tropp voldingar, og den første medaljen i eit senior-NM var eit faktum då laget på 4 x 100 fri med snitt etappetid 1.10,5 tok bronse. Anne Mari Falkevik gjekk inn på laget for Tone Berg Rusten og Runa Bakke for Åse Sandnes.

Vi fekk aldri gullet, og det næraste vi kom var under jr.-NM i Bodø same året. På siste etappe på 4 x 100 m bryst kjempa Sissel Viddal innbitt, men kom aldri nærare enn eit halvt sekund bak vinnarlaget.

Korleis det gjekk i 1976 veit vi allereie, og av og til har historia ein tendens til å gjenta seg. Det gjorde den i 1977. Lambertseter tok eit overlegent gull på 4 x 100 m bryst på ny norsk juniorrekord, men Volda erobra nok ein sølvmedalje. Laget bestod no av Hege Leikanger i tillegg til ”veteranane” Sissel, Runa og Kine.

For å oppsummere: voldajentene hausta inn fem sølvmedaljar og fire bronsemedaljar i stafettar under noregsmeisterskapane i 1970-åra. Vi fekk aldri gullet, men sølv er ikkje nederlag.

Tre spesielle idrettskarrierer

Det er noko særskild med stafettar – det dyrkar fram ei god lagkjensle og godt samhald i klubben. Ein såg ikkje sjeldan at i stafettsamanheng kunne ein symjar overgå seg sjølv.

Men symjing er først og fremst ein individuell idrett, og i historia om VTI si symjegruppe kan ein ikkje unngå å fortelje spesielt om tre framifrå idrettsutøvarar. Dei to første var klubbveninner i 1970-åra, den siste avslutta karrieren sin i 1993.

Runa

Talentet

Runa Bakke er den eldste av dei to jentene (fødd 1960), og det synte seg tidleg at ho var eit særleg talent, spesielt i brystsymjing. Elleve år gamal var ho i stand til å symje 50 bryst på 41,3, ho flaut som ei kork i vatnet. I 1972 reiste fire frå Volda til Bodø for å vere med på landsfinalen i Ungdomsmeisterskapen (UM), og Runa var med. Det synte seg at ingen andre i landet i hennar årsklasse symde fortare, og ho kom heimatt med sin første gullmedalje. Året etter var ho atter klar favoritt i landsfinalen, og innfridde med 1.24.1 på 100 bryst, i junior-NM seinare på året blei det sjette plass.

Best i Norden

Idrettstalentet var ikkje til å stoppe, det fortel denne historia: Saman med veninna si Kine, som framleis representerte Ørsta, reiste desse to unge jentene til Stockholm for å ta del i Nordisk ungdomsmeisterskap, også kalla Coca Cola Cup, i november 1973. Symjarar frå 75 nordiske klubbar stilte opp, den norske troppa talde 25 aktive. Nordmennene fekk med seg fire medaljar, ikkje så mange kanskje, men to av dei hadde ei ørstajente og ei voldajente tatt.

I det store 50-meterbassenget kjempa Runa med den svenske favoritten, og leia nitti av dei hundre meterane, men tapte innspurten og fekk sølv. Nordens nest beste symjar i si årsklasse.

Eitt år seinare var ho best: 200 meter bryst blei vunne på 2.58.8.

Landskampsiger

Slike prestasjonar og resultat kvalifiserer for større oppgåver, og i åra 1974, 1975 og 1976 representerte Runa Noreg på juniorlandslaget. Den første oppgåva kom i nordisk juniormeisterskap i Karlstad juli 1974, der tok ho ein sjette plass. Månaden seinare har ho følgje av to klubbveninner i juniorlandskampen mot Danmark. Sissel Viddal og Åse Sandnes hadde symd så sterkt under langbane-NM på Lillestrøm at dei óg blei tatt ut på landslaget. Sissel og Runa delte på brystdistansane medan Åse symde 100 m rygg.

I 1975 var Runa igjen på reisefot med landslaget, denne gongen til Finland. Ho var uttatt til å symje 200 m bryst, og vel framme i Finland skriv ho i treningsdagboka si: ”Synest bassenget var ganske bra. Fekk lite til i begynnelsen, men det vart betre etter kvart. Brysten gjekk kjempefint mot slutten, synest eg glei veldig flott”. Som ein ser: den siste treninga før konkurransen lovde godt. Og om kvelden dagen etter: ”Kjempefornøgd med 200-meteren. Hadde aldri drømt om at det skulle gå så bra. På slutten var eg voldsom stiv, men det heldt heldigvis til pers og 1.plass.” Dette løpet er nok det beste ho nokon gong gjorde, 200 m bryst på 2,48,9 er svært raskt og framleis klubbrekord.

Siste gongen Runa var på landslaget var året etter i København. Også der vann ho 200 m bryst, og tok ein fin fjerdeplass på den halve distansen. Men i åra som følgde var det Kine Graaner som hadde tatt over plassen.

Mot slutten av karrieren fekk ikkje Runa den framgangen ho sjølv håpte på. Ei forklaring ligg i at det var vanskeleg å gjenskape den gode symjeteknikken med ein kropp som endra seg etter kvart som ho vaks til. I løpet av 1978 trappa Runa ned toppsatsinga på symjinga, men var å finne på blant anna handballbana utover 70- og 80-åra

I ulike meisterskap, inkludert UM, stafettar og individuelt, tok Runa tolv medaljar: to gull, fire sølv og seks bronse.

Kine

Frå Ørsta til Volda

”Møre” kunne 6. sept. 1975 melde: ”Dei beste Ørsta-symjarane innmelde i Volda”. Ein av dei fire var tolvårige Anne Karine Graaner. Ho var ung, men alle symjeinteresserte visste at dette var eit uvanleg talent, det hadde ho allereie rukke å vise i bassenget. Som ørstasymjar hadde ho blitt UM-meister på 50 m bryst i 1974. Tida 40,6 var ny UM-rekord, ho slo Runa Bakke sin gamle rekord med sju tideler, og det er mykje på ein 50 meter. Sjølv om Kine hadde utvikla store symjeferdigheiter i det vesle bassenget i Ørsta, ville talentet utvikle seg endå betre ved å få ny trenar, nye treningskameratar og ved å symje i eit basseng med konkurransemål.

Dei første åra utmerka Kine seg først og fremst som brystsymjar. I ettertid legg ein merke til kor mange jenter Volda hadde som beherska brystsymjinga spesielt godt. Resultatlistene syner ofte fire- og femdobbelt siger på brystdistansane – i skarp konkurranse med andre. NM-stafettane og stafettrekordane støttar den same konklusjonen: Volda var blant dei fremste klubbane i landet når det galdt brystsymjing for jenter. I dette miljøet fekk Kine stor framgang.

Ho blei uttatt på juniorlandslaget i 1976, saman med Runa Bakke. Men sidan landskampen mot Danmark kolliderte med UM-finalen, melde ho forfall. Og hadde ho ikkje gjort det, ville ho ha gått glipp av både gull og bronsemedaljar. På 100 m bryst blei det gull og ny UM-rekord 1.21,4, men Kine viste også allsidigheit ved å ta bronse på 100 m fri og bli nr. 9 på 50 m rygg.

Helga etter tok ho del i sitt første NM, og var med på å symje Volda inn til bronse på 4 x 100 m bryst for kvinner; individuelt blei det ein sjetteplass.

Europameisterskap i Oslo

Sommaren 1976 skulle Noreg arrangere europameisterskap for junior på det nyopna Tøyen-badet i Oslo. Både Runa Bakke og Kine Graaner var med i gruppa som symjeforbundet oppretta for aktuelle kandidatar til å representere Noreg. For å sikre seg at også voldasymjarar skulle stille på startpallen i junior-EM, blei det planlagt ein seks vekers trenings- og konkurranseturné om sommaren.

Saman med bror sin Bo, Runa Bakke, Torill Myklebust og Tove Riise reiste Kine først til ”Juliaden” i Stockholm, deretter til Darmstadt i Tyskland for så å ligge i trening i fjorten dagar fram mot senior-NM i Fredrikstad. Reiseleiarar var Dag Lindebjerg og Leif Nilsen. Reisemåte: den velkjende raude Ford Transiten symjegruppa hadde overtatt frå Sunnmørsposten og som blei nytta til å reise land og strand rundt på symjestemne med. For Kine sin del førte turen med seg fleire nye medaljar i samlinga. Blant anna tok ho andre- og tredjeplass i Stockholm i ein konkurranse som samla 2000 deltakarar, og tredjeplass på 200 m bryst i senior-NM. Og målet blei nådd: Kine blei uttatt til junior-EM.

Å ta del i ein europameisterskap på heimebane er sjølvsagt eit høgdepunkt i ein ung symjar sin karriere, uansett korleis det går. Europameisterskapen vart ingen sportsleg suksess for Kine. Tida ho oppnådde på 100 m bryst heldt berre til ein tjueandreplass. Men ho var i alle fall med!

Norsk juniorrekord

Det gjekk ikkje lenge før ein ny stor sportsleg suksess kom: ny norsk juniorrekord på 200 m medley under eit stemne på Flisa 5. desember 1976. Tida var 2.32,1, men Kine fekk berre behalde rekorden ei veke. Lambertseterjenta Vibeke Olsen tok rekorden sin tilbake med eitt sekund. Kine gjorde forsøk på å ta rekorden tilbake igjen under eit stemne i Volda i januar 1977, men kom fire tideler for seint på tida 2.31,4.

Dette året skulle elles bli eit innhaldsrikt år for Kine. Ho var framleis med på juniorlandslaget, og tok tredje- og fjerdeplass i landskampen mot Danmark. Men det mest spennande som skulle skje var nok UM-finalen på heimebane i mars. Om finalearrangementet kan ein lese nedanfor, men vi kan her slå fast at det var ekstra tilfredsstillande for Kine å lukkast så godt som storfavoritt, i sitt siste år som UM-deltakar og framfor sitt eige publikum.

Denne suksessen var det godt å sjå tilbake på, for under meisterskapa seinare på året møtte ho motgang. Jr.-NM i 1976 hadde gitt sølv på 100 m bryst, og i intervju med Sunnmørsposten (11.02.1977) seier ho at målet i år er gull – og dessutan å ta att noregsrekorden på 200 m medley. Men under jr.-NM i Moss blei det berre fjerdeplass på 100 m bryst, på ei tid to sekund svakare enn året før. Heller ikkje under seniormeisterskapa på kort- og langbane oppnådde Kine sitt sportslege potensiale, sjølv om ein ikkje skal vere misnøgd med fjerde- og femteplassar.

Butterflysymjaren

I 1978 satsa Kine framleis hardt på symjesporten, no under nye trenarar etter at Dag Lindebjerg var reist. Frå å vere ein utprega brystsymjar hadde ho utvikla seg til å beherske alle fire symjeartar, noko dei gode medleytidene var eit vitnemål om. Men det ho hadde blitt best på no var butterfly. I februar representerte ho Noreg i nordisk juniormeisterskap og tok bronse på 100 m butterfly med tida 1.08,07. Endå betre form viste ho under den tradisjonelle juniorlandskampen mot Danmark noko seinare på året. Tida på 100 m butterfly blei betra til 1.07,70, det gav andreplass.

Sunndal SLK arrangerte jr.-NM dette året, og der tok Kine bronse på 200 m medley. NM for senior på kortbane gav ein fjerde- og ein femteplass, og dei same plasseringane oppnådde ho også i utandørsmeisterskapen.

Slutt på elitesatsinga

Året etter var det siste året Kine deltok som junior, og ho avslutta NM-karrieren med to femteplassar på 100 m fri og 100 m butterfly. Overgangen frå junior til seniorsymjar er ofte vanskeleg, det fekk Kine også erfare. Å ta spranget opp i senioreliten ville kreve endå meir trening og ikkje minst: motivasjon for å gjennomføre treninga. Symjegruppa i Volda var i ferd med å gjennomgå eit generasjonsskifte og fleire av dei gamle symjeveninnene hadde slutta eller trappa ned. Konklusjonen er at dei faktorane som må ligge i botn for ei elitesatsing ikkje lenger var tilstades i Volda.

Kine satsa ikkje for fullt lenger, men trente likevel godt og spesielt under Julelauget i 1979 var ho i god form. Der følgde ho landslagsymjarane frå Larvik på 100 m fri og sette ny jr. krinsrekord med 1.00,9. Og ho var framleis den fremste kvinnelege symjaren i fylket, i 1980 tok ho fem krinsmeisterskap.

I 1981 var den fremste idrettskarrieren til ein voldasymjar over, eller… Oversynet over klubbrekordar syner at Kine i 1987 tangerte klubbrekorden på 50 m fri – 28,6 – og kanskje vil ho ein gong i framtida vere å finne på startpallen i lag med dei andre masterssymjarane frå Volda? Det vil VTI-historia dei komande åra gi svar på.

I løpet av karrieren tok Kine sju individuelle meisterskapsmedaljar: tre gull, to sølv og to bronse.

Håvard Haugen

Ut på vinteren 1991 fekk Håvard Haugen spørsmålet av trenaren sin: ”Vil du ta medalje i NM?” Håvard vart forbausa og forvirra av spørsmålet, men fekk ytra eit nølande ja. Dermed sette Tony Roberts seg ned saman med symjaren sin for å planlegge korleis dei skulle klare det. Det var tre månader att til jr.-NM i Kristiansand. Vi kan allereide no røpe at dei begge nådde målet om medalje.

Tony Roberts tek over som trenar

Treningssamarbeidet mellom Tony og Håvard starta hausten før, då Tony kom inn som trenar for elitesymjarane i Volda og Ørsta. Det var Harald Haugen, far til Håvard og leiar i symjegruppa, som fekk Tony til å ta over trenargjerninga. Treningssituasjonen for symjarane var ikkje tilfredsstillande, dei fekk tilsendt treningsprogram frå landslagtrenaren i Kristiansund, men hadde ikkje god nok oppfølging i Volda. Treningsprogamma var også svært ambisiøse, og voldingane fekk ikkje den oppbackinga som trengst for å vere motivert for slike trenings-dosar.

Også Håvard var gått lei, og ville slutte. Han syntest han ikkje fekk den tidsmessige utteljinga hardtreninga burde gi. Tony kom inn og endra på treningsinnhaldet slik at det blei meir aerob trening og ikkje hardkøyr heile tida. Tony fortel at Håvard nesten fekk sjokk når han blei fortalt at han måtte symje saktare på trening: ”skal eg ikkje symje fortare?”. Treningsmengdene låg på moderate 12-15000 meter i veka, og gradvis fekk Håvard motivasjonen tilbake. Han greidde glatt kvalifiseringskrava til jr.-NM, og ville stille opp i seks øvingar.

Medaljesatsing

Men skulle han vere nøgd med å vere kvalifisert? Tony fekk Håvard til å forstå at medaljar var innan rekkevidde, og utarbeidde eit tre månaders treningsopplegg som skulle bringe toppform i mai. Her er medaljeresepten: metertalet blei dobla til ca. 35000 meter pr. veke, laurdag og søndag to økter for dag og morgontrening før skule to til tre gonger i veka. Siste månaden før NM la Håvard 140000 meter bak seg i bassenget. Styrketrening kom i tillegg, mange repetisjonar med lette vekter og manualar. Effektivt var det også å klatre i tau. Særs viktig var det å få nok kvile og sømn, og dessutan å halde seg til eit sunt og næringsrikt kosthald. For å kunne gjennomføre eit slikt opplegg, må ein ha ein sterk vilje til det sjølv. Håvard var disiplinert i treningsarbeidet, og samarbeidde godt med trenaren sin. Dei meiner i ettertid dei var flinke til å avpasse treninga til dagsforma slik at ein ikkje oppnådde overtrening. Tiltaket Tony hadde tenkt ut for å prikke inn toppforma var uvanleg og blei stilt spørsmål ved av andre topptrenarar i Noreg: ti dagar fullstendig treningsfri. Han spurde til og med Håvard fri frå gymtimane på skulen. Å vere i vatn var forbode, han kunne til naud ta seg ein dusj, beskjeden var å kvile og sove mest mogeleg.

Det var ein ”svolten” Håvard Haugen som stilte til start under jr.-NM i Kristiansand. Han sette personlege rekordar i fleng, ofte med to – tre sekund, først under forsøka om føremiddagane og deretter under finalane han kvalifiserte seg til om ettermiddagane. Det gjorde han i fem av dei seks øvingane han stilte opp i.

Håvard tok sølv på 50 m fri 15 hundredeler etter vinnaren på tida 25,55. Femteplassar vart det på 100 m butterfly (1.05,97) og 200 m medley (2.19,92), fjerdeplass på 100 m fri (56,20) og sjetteplass på 100 m bryst (1.12,03). Han fekk si medalje.

Starten

I barneåra var Håvard mykje plaga med astma og allergi, og ein meinte at det kunne lette plagene viss han byrja å gå i symjehallen. Han budde tett ved, og dessutan dreiv systera med symjetrening. Sitt første ”Julelaug” deltok han i som sjuåring, i 1982. Det synte seg raskt at Håvard var eit stort symjetalent, og som tolvåring var han heilt i landstoppen i si klasse. ”Møre” intervjuar guten i 1987 og kan fortelje at på guterommet har han fått plass til 150 førstepremiar, foreldra freistar bremse på treningsiveren, men på spørsmål om kor langt han har symd til no reknar han ut to million meter. Men drivkrafta bak innsatsen er å forbetre seg sjølv, å ”perse”, og når voldasymjarane er ute og reiser på stemne tel dei tal på persar, ikkje tal på pokalar og medaljar.

I 1988 var finalen for ungdomsmeisterskapen lagt til Mandal, der møttest dei tolv beste symjarane i landet i kvar årsklasse. Her deltok Håvard Haugen i fem øvingar, og tok bronsemedaljer i tre av dei: 400 m medley, 200 m rygg og 50 m fri. Vi ser at han allereie hadde utvikla seg til å bli ein allsidig symjar.

Utanlands

Som dei to andre toppsymjarane frå Volda kvalifiserte Håvard seg til internasjonal representasjon for Noreg. Symjeforbundet tok han ut til å vere med på eit større internasjonalt stemne i Luxembourg påska 1989. Her møtte seks hundre unge symjarar frå sytten nasjonar i inspirerande konkurranse. I sin internasjonale debut tok Håvard to tiandeplassar og ein fjortandeplass. Året etter var Håvard igjen på plass i Luxembourg. Han symde opp mot sitt beste på dei tre distansane han stilte opp i , 100 m bryst, rygg og fri, men utan å oppnå oppsiktsvekkande plasseringar.

Håvard vinn ein medalje til i dei to UM-finalane han var med i. I 1989 tok han bronse på 50 m fri med tida 27,50, fjerdeplass på 200 m rygg og sjetteplass på 400 m medley. Men på Fauske året etter glapp medaljane, her blei plasseringane fem, åtte, ni og elleve. To år seinare var Håvard moden for større oppgåver.

Toppsesongen 1976-77

Viss ein spør om når voldasymjarane var på sitt beste, må svaret vere gjennom sesongen 1976-77. Det er fleire grunnar til det, men ein viktig grunn er at Bente Eriksen symde for klubben dette året. Ho tok det einaste individuelle gullet ein voldasymjarar har tatt under eit senior-NM. Det skjedde i Stavanger 1977 der ho symde 1.07,90 på 100 m rygg. I tillegg tok ho sølv på 200 m rygg og bronse på 100 m fri på tider som var krinsrekordar då og klubbrekordar i dag. Kine Graaner symde inn til 4. og 5. plass på brystdistansane, og det blei tre 5. plassar på dei tre stafettlaga.

Viss ikkje Runa Bakke hadde tjuvstarta, kunne det ha gått endå betre. Voldajentene blei nemleg diskvalifisert frå ein sølvmedalje på 4 x 100 m stafett i brystsymjing. Historia frå Trondheim i 1976 gjentok seg.

23. november 1976 har ”Møre” dette hovudoppslaget: ”Volda beste klubb i Nordsjø-stemnet”. Det årlege Nordsjøstemnet i Stavanger var og er den kvalitativt beste symjekonkurransen i Noreg (utanom meisterskapa), og her stilte Volda med ni symjarar. Med unntak av Fauske tok heile noregseliten del, og i dette selskapet vart Volda kåra til beste klubb. Det synlege beviset på det kan ein sjå på klubbhuset ved Volda stadion i dag, pokalen er stor. Alle sette personlege rekordar på det dei stilte opp i, det blei sett ti krinsrekordar. Dag Lindebjerg konkluderte: ”Dette er dei beste resultat klubben nokon gong har oppnådd”.

Sesongen blei avslutta med langbane-NM på Tøyenbadet i Oslo. Bente Eriksen tok tre medaljar, gull på 100 m rygg og bronse på 200 m rygg og 100 m fri. Medleylaget for kvinner symde fint inn til ein femteplass.

Meisterskap på heimebane

UM-finalen 1977

”Med 12 nye rekorder i et perfekt arrangement ble det 14. ”Svømme-UM”s landsfinaler nye store festdager for norsk svømming.” Slik innleiar Aftenpostens journalist sin reportasje frå Volda 28. mars 1977. Han skriv vidare: ”Volda fikk dessuten den store triumf at Aftenpostens gedigne statuett til beste pike under stor jubel ble overrakt 14-årige Anne Karin Graaner fra den arrangerende klubb, for to seiere til mesterskapets høyeste poengsummer. Sjefredaktør Reidar Lunde, som overrakte statuetten, uttalte i begeistrede ordelag at dette stevnet holdt han som toppen av de mange ”Svømme-UM” han hadde overvært”.

Store ord frå sjefredaktøren, men dei som var til stades desse dagane er samde. Stemnet var fullklaff, og toppen på kransekaka var Kine Graaner sin suksess på heimebane. Ho vann 100 m butterfly (1.10,10), 100 m fri (1.02,32) og tok sølv på 100 m bryst (1.20,28). Og som den andre deltakaren frå Volda symde Knut Magne Årseth inn til 11. plass på 100 m bryst.

Allereie året i førevegen vart det vedtatt at Volda skulle få tildelt tilskipinga av UM-finalen 1977. Klubben var moden for ei slik oppgåve. Den hadde jo hausta erfaring som NM-arrangør tre år tidlegare. Men dette ville bli ei større oppgåve, 176 aktive utøvarar i alderen 11 til 14 år frå heile landet ville kome til bygda. Korleis ordne med innkvartering? På enklaste måte: 80 voldaheimar stod klare til å ta imot dei som kom. Men leiarane tok inn på Viking fjord hotell i Ørsta. Klubben stabla på beina 45 velkvalifiserte funksjonærar, og Volda skulekorps øvde inn ein flott fanfare til premieutdelingane. Ein slik meisterskap kravde elektronisk tidtakaranlegg, og dette mått klubben låne. Dag Lindebjerg sette seg i bilen ei helgog henta symjeforbundet sitt splitter nye tidtakaranlegg i NM-byen Stavanger. Kommunen opna representasjonskontoen sin og løyvde kr. 6000,- til ein kommunal middag for gjestane. Den fekk den før omtala Aftenpostenjournalisten også nyte godt av, og kronikøren er freista til å overlate ordet til Leif K. Nilsen, som eg trur blei litt forelska i bygda desse dagane:

”Foruten at plakater og transparenter i hele Volda viste dem hvilken betydning deres besøk i Volda var tillagt, ble de som kommunens gjester bedt til et veldekket middagsbord og hyldet i taler med mer glimt av humor enn av den tradisjonelle svada. De fikk være med på lek og dans, folkedans og folkemusikk hvor stammen av ”spelemannslaget” var foreldre til svømmebarn fra Volda og Ørsta. Attpåtil ble de supplert med dans av en tenåringenes leikarring i bunader. Og på toppen av det hele presenterte en av de lokale husdiktere, Arnfinn Krogsæter, dette ”Svømme-UM”s sang til Prøysen-melodien: ”Du skal få en dag i mårrå”. Og av full fryd sang alle deltakerne, tapere som vinnere:

Det var ein liten symjar, som i dag vart sur og lei,

han ville vinne femti fri, men andre ville ei.

Dei hadde betre kondis og teknikk og form på topp,

så etter tretti meter var det berre å gi opp.

Men du skal få ein dag i mårrå, som rein og ubrukt står,

med nye sjansar der du får det til.

Då kan du rette oppatt denne tabben frå i går,

for det kjem nye løp for den som berre vil.”

Stup-NM 1974

Det kan synast som eit paradoks at ein klubb som ikkje har ein einaste aktiv stupar, får tildelt eit arrangement som NM i stup. Men ein er freista til å skrive: med Dag Lindebjerg som primus motor er også dette mogeleg. Dessutan har Volda eit høveleg stupanlegg til eit slikt arrangement, og symjeforbundet såg også dette som ein sjanse til å vise fram sporten sin til eit ”mørkt fastland”. Kanskje ville det inspirere til satsing på stup som idrett i vårt distrikt?

Pinsedagane mai og juni 1974 var landets stupelite samla i Volda, og voldapublikumet fekk sjå idrett på heimebane dei aldri før hadde vore vitne til. Det største trekkplasteret var nok Jon Grunde Vegard med ein fersk sølvmedalje frå siste stup-EM i lomma. I tillegg til konkurransen imponerte kanskje like mykje den avsluttande stupoppvisinga. Interessant var det òg å få innblikk i korleis stuparar trente og øvde inn nye stup, blant anna blei ei trampoline plassert inne i symjehallen med det føremål. Folk i Volda kjende si besøkstid. Dei tre dagane arrangementet varte var 1300 betalande tilskodarar innom dørene i symjehallen.

Arrangørklubben nytta høvet til å køyre gjennom nokre symjeøvingar desse dagane, og planen var klar: rekordforsøk på 4 x 50 fri for kvinner. På startpallen stod Anne Marit Støve, som hadde gjort tidsmessig store framsteg siste året. Symjetrenarar landet rundt beundra teknikken hennar der ho med lange tak glei gjennom vatnet. Førsteetappen blei klokka inn til 28,6, ny krinsrekord på distansen og framleis gjeldande klubbrekord. Gjertrud Leversen overtok, ei nyinnmeld sprintjente frå Bergen – hennar etappetid var tangering av Grethe Mathisen sin norske rekord 28,2 (men ugyldig med flying start), Sidsel Goksøyr har vel aldri sprinta så godt før, og Unni Fet fullførte det lagveninnene hadde byrja. Voldajentene sin første norske rekord var eit faktum, tid 1.57,8.

Voldasymjarane 1990-åra

Då symjegruppa runda tiårsskiftet bestod elitegruppa av symjarar som Håvard Haugen, Carl Roberts, Kristian Tennebø, Anne Vigdis Eiksund, Ingvild Hasle, Jannicke Klepp og Karoline Kristiansen. Alle desse hevda seg godt på krinsplan, bl.a. ved å ta fleire krinsmeisterskap individuelt og i lagsymjing kvart år. Håvard Haugen hevda seg også på nasjonalt plan, det same gjorde tidvis Kristian Tennebø, den tilflytta guten frå Svelgen.

Forholdet til Høgskulen

I 1993 hadde symjegruppa ein konflikt med Høgskulen på betalingssatsane for bruken av symjehallen. Det er staten gjennom Statsbygg som eig symjehallen og Høgskulen som står for den daglege drifta. Då Høgskulen dette året dobla satsane til 140 kr timen, fekk symjegruppa problem med å betale. Og utan å kunne betale for seg la symjegruppa ned verksemda eit halvårs tid. Symjegruppa hevda at timesatsen var for høg, at dei reelle utgiftene til leige av symjehallen om ettermiddagane og kveldane var lågare enn 140 kr timen. Høgskulen skulle vel ikkje ha inntekter av utleiga? Høgskulen på si side viste til at tilsvarande symjehallar rundt om i fylket og landet gjerne hadde dobbelte satsar av det Høgskulen ville ha. Dessutan skulle dei setje i verk ei tilsynsordning på kveldstid som ville medføre økonomiske utgifter.

Konflikten blei løyst ved ei minneleg ordning. I ettertid har Høgskulen nærmast fungert som ein sponsor for symjegruppa. Høgskulen har óg vore svært positiv til å etterkome symjarane sitt behov for nok treningstid, t.d. fram mot meisterskap der det blir trent både i helgar og i feriar. Har bassenget vore ledig, har symjegruppa kunna nytta det til trening på lik linje med Høgskulen sine studentar.

Midtnorsk meisterskap

Etter Håvard Haugen sin fine innsats under jr.-NM våren 1991, starta fleire symjarar haustsesongen med ny giv. Måla var midtnorsk meisterskap i november og Nordsjøstevnet i Stavanger i desember, eit stemne det var vanskelegare å kvalifisere seg til enn noregsmeisterskapen.

Trenar Tony Roberts hadde to planar fram mot midtnorsk meisterskap. Han ville kopiere det tre månader lange treningsopplegget som brakte Håvard Haugen sølvmedalje i jr.-NM, og han ville skipe eit stafettsamarbeid mellom dei beste symjarane i Ørsta og Volda. Det ville bli eit slagkraftig lag. Dermed blei Carl Roberts, Narve Yksnøy, Håvard Haugen og Kristian Tennebø samla i ein klubb, og det var ØSK sin tur denne gongen. Året etter representerte dei Volda.

Treningsopplegget fungerte. Frå å ligge på 16000 meter i veka blei mengdene gradvis auka til 35000 meter nest siste veka for så å gå ned til 10000 siste veka. Dei fem siste dagane fekk symjarane fri. Toppformen var prikka inn.

Håvard Haugen stilte opp på seks øvingar, og vann alle saman. Han var udiskutabel kandidat til premien for beste symjar under stemnet. Gutane stilte opp i tre øvingar i lagsymjinga og tok gull på 4 x 50 m fri og 4 x 100 m medley, medan dei blei hårfint slått av Trondheim SLK på 4 x 100 m fri. Spesielt sigeren på den korte fristafetten var imponerande. Tida 1.46,17 er framleis midtnorsk meisterskapsrekord.

Med unntak av Håvard Haugen som no var utvekslingsstudent i USA, deltok den same gjengen i den same meisterskapen på Stjørdal året etter. Junioren Ronny Roberts skulle erstatte Håvard. I tillegg hadde dei fått med seg Rut Langlo, Karoline Kristiansen, Jannicke Klepp og Anne Vigdis Eiksund som danna sterke jentelag. Desse tok tilsaman to sølvmedaljar og tre bronsemedaljar i stafettane. Individuelt gjorde ikkje symjarane det så sterkt, men det blei sølv og bronsemedaljar på Carl Roberts og Narve Yksnøy.

Nordsjøstemnet

I desember 1991 reiste Kristian Tennebø og Håvard Haugen saman med tre andre frå fylket til Stavanger. Her skulle dei vere med på eit topp internasjonalt stemne. Svensken Anders Holmertz symde inn til årsbeste i verda på 200 m fri, landsmannen Tommy Werner var to tideler frå verdsrekorden på 50 m fri og det blei sett to nye norske rekordar. I dette inspirerande selskapet ytte Håvard Haugen sitt beste og oppnådde flotte plasseringar på fleire distansar, best på 200 m medley (nr. 4).

Senior-NM: Anne Vigdis Eiksund

Anne Vigdis Eiksund hadde halde seg vekke frå symjetreninga eit par år før ho ut på hausten 1995 dukka opp i symjehallen att. No ville ho trene. Ho var ein ganske allsidig symjar, men kanskje best på bryst og rygg. Forma byrja å kome tilbake, det blei ganske kjekt å konkurrere også. Best gjorde ho det på ryggdistansane, og etterkvart spesialiserte ho seg i den symjearten. Tidene ho oppnådde byrja å nærme seg kvalifiseringskrava til NM for senior, som skulle gå av stabelen i januar 1997 i Bergen. Ho fekk lyst til å satse hardt på å få vere med der, og treninga blei intensivert.

Berre det å kvalifisere seg for eit NM er ein prestasjon i seg sjølv. Sjølv om Noreg ikkje hevdar seg internasjonalt i symjing, er breidda i toppen i Noreg noko heilt anna enn under glansperioden til symjegruppa i 70-åra. Det blir stilt harde krav for å kunne delta i eit NM.

Difor er NM-deltakinga til Anne Vigdis Eiksund eit viktig kapitel i symjegruppa si historie.

Ho klarte krava i fire øvingar: 50, 100 og 200 m rygg samt 50 m bryst. Best gjorde ho det på 50-meteren der ho slo inn til ein fjortandeplass. Tida 32,71 var personleg rekord, og betre enn å prestere sitt beste i sitt viktigaste løp kan vel ingen gjere?

Junior-NM: Erik Madssen

Sterkaste symjaren på herresida mot slutten av 90-åra har vore Erik Madssen. Også han har ryggsymjing som sin beste disiplin, men beherskar godt dei andre tre symjeartane, dermed har han også gjort gode medleyløp.

To gonger har Erik Madssen vore med på NM for junior. Første gongen i utandørsbassenget (50 meter) på Årdal sommaren 1997 og no sist i Ålesund desember 1998. Ingen av desse NM-innsatsane har vore fullklaff for Erik, i og med at han har symd noko svakare enn bestetidene sine. Best gjekk det kanskje på Årdal der han blei nr. 15 på 100 rygg, nr. 16 på den dobbelte distansen og nr. 17 på 400 m medley. På 50 m rygg blei det tjuandeplass. I Ålesund symde han to distansar, og var fornøgd med ny bestetid på 400 m medley 5.15,71 og attandeplass.

Trenarane

”Lindy”

Dag Lindbjerg er verd eit kapittel for seg sjølv. I dag er han kanskje mest kjent for å tøffe rundt på Hordalandskysten med båten sin og diverse kjendisar som dekksmannskap, det heile framvist på TV. Dei fleste hugsar han nok også som ein entusiastisk kommentator i radio og fjernsyn, blant anna i kompaniskap med Bjørge Lillelien. Men lokalt er han mest kjent som symjetrenaren i Volda frå 1969 til 1977.

Han kom til Volda hausten 1969 for å ta til på Lærarskulen. Dåverande formann i symjegruppa Johan Rørvik fekk overtalt han til trene ei gruppe for Volda, han hadde tidlegare vore aktiv og trenar i Bergen for BSC – og også for ein klubb i Danmark. Med denne bergensaren kom det ein ny giv inn i klubben, og han oppnådde fort resultat med det målmedvitne arbeidet sitt. Gruppa av unge symjarar som han tok over, kom til å utgjere kjernen i det framgangsrike voldalaget utover i 70-åra, og som det er gjort greie for framanfor.

Han seier sjølv at han fekk ein utruleg støtte, både frå foreldre og aktive, og meiner at dette er hovudgrunnen til at ”vi svinga oss opp frå å vere hobbymosjonistar til å vere med i landslagsamanheng”. Men Lindebjerg var ein meister til å motivere andre, og hadde sjølv ein sterk indre motivasjon for trenargjerninga. Den avgrensa seg ikkje berre til instruksjon frå bassengkanten, men sosiale tiltak frå søndagsturar på fjellet til ”brus-og-bollar” – invitasjonar heime på hybelen. Han gjorde mykje for å skape god lagånd, og på mange måtar fungerte han som ein alt-muleg-mann for klubben. Klubben fekk vanskar med å fylle rommet etter han då han reiste frå Volda.

Tony

Tony Roberts blei meir og meir involvert i treningsarbeidet til klubben mot slutten av 80-åra, og har vore hovudtrenar gjennom heile 90-talet. Han har ingen ungdomsbakgrunn som aktiv symjar (berre i moden alder!), derimot som vasspolospelar. Han hadde allereie trent Ørsta Symjeklubb i fleire år, og no blei treningssamarbeidet mellom klubbane styrkt med Tony som hovudtrenar for begge. Det var teneleg å samle kreftene og talenta på ein plass, og med Ørstas manglande 25-metershall var det naturleg å samlast i Volda. Tony innførte praksisen med at symjarane tidvis skifta klubb kvart år, slik at dei eitt år stod i VTI og eitt år i ØSK. Motivet var å skape slagkraftige stafettlag som kunne hevde seg på krins og nasjonalt plan. Denne politikken hadde størst suksess i 1991 og 1992, som opplyst ovanfor.

Roberts tek trenaransvaret seriøst, og i 1990 / 91 tok han den nest høgste trenarutdanning i symjing ein i Noreg kan ta. Kanskje dette er grunnen til den største suksessen han har opplevd som trenar? Under junior-NM i Kristansand i 1991 tok Håvard Haugen sølv på 50 fri i tillegg til ein fjerde-, to femte- og ein sjetteplass. Han gjorde ein god jobb med å motivere for og planlegge eit treningsopplegg som skulle produsere toppform desse maidagane. Og bak dei gode plasseringane til Håvard Haugen låg ein oppsiktsvekkande tidsmessig framgang. Men den største æra for dette hadde sjølvsagt den aktive.

Andre slitarar på bassengkanten

Berre eit kort og omtrentleg oversyn over andre trenarar i symjegruppa:

Som nemnd ein annan stad hadde Frode Moe trenaransvaret eitt år (1971/72), og førte vidare den framgangen Dag Lindebjerg hadde starta opp i 1969. Då Lindebjerg slutta som trenar i 1977, vart fleire involvert i trenargjerninga, blant andre Kirsten Styr, Jørund Fet og Åse Sandnes.

I 1979 tok Hogne Rørvik og Torgeir Toppe over, og etter kvart Torgeir Toppe åleine. Seinare på 80-talet ser ein at John Birger Pedersen og Elin Håvik fungerte som trenarar, før Voldas tidlegare storsymjar Kine Graaner tok over ansvaret.

I ”Møre” 2. juni 1988 står det: ”4 KM-gull i avskilsgåve til trenaren”. Det var Hege Haugen og Kari Hasle som stod for den gåva. Sesongen 1988/89 starta med Øystein Rørvik som ny hovudtrenar, og han skulle få hjelp av Ingvild Madssen.

På 90-talet har trenargruppa stort sett bestått av Tone Berg Rusten, Sidsel Goksøyr, Jørund Fet, Ronny Roberts og Tony Roberts.

Kvinnene og mennene bak

Det er vel verdt å skrive utførleg om symjarar og trenarar, men ein må ikkje gløyme dei som gjer den administrative og organisatoriske jobben – utan godtgjersle og utan å kome i avisene.

Eg tenkjer på funksjonar som leiar, kasserar, skrivar (sekretær), styremedlem og spesielt for symjegruppa: badevakter med livreddarsertifikat på folkebadingane. Folkebadinga er hovudinntektskjelda til symjegruppa, og kvar onsdag og fredag stiller foreldre og andre med tilknyting til symjegruppa opp for å selje billettar og vere vakter. Utan oppslutting om denne turnustenesta hadde ikkje symjegruppa eksistert. Også eit poeng: utan denne innsatsen hadde ikkje folk i Volda hatt eit tilbod om offentleg bading og symjing.

Kjeldegrunnlaget er ikkje fullstendig, difor blir dette oversynet heller ikkje det, men om ikkje alle er nemnd, er heller ingen gløymd.

Johan Rørvik hadde leiarvervet ved starten av 70-talet, eit verv som John Goksøyr snart tok over. Kirsten Styr hadde born med i symjegruppa, ved midten av tiåret gjorde ho ein stor innsats som trenar for dei yngste og som aktiv i styret, ei tid også som leiar. Ei tid hadde også Hans Graaner leiarfunksjonen.

Ein som etter kvart engasjerte seg sterkt i symjegruppa var Helge Håvik. Den tidlegare fotballtrenaren blei leiar i symjegruppa, primus motor i tilskiping av stemne, og sjåfør for symjarar rundt om i landet når det trengdest.

Primus motor for symjegruppa var også Harald Haugen i mange år på 80-talet. Han var leiar, sponsor og skaffa klubben inntekter ved å setje vekk pakking- og forsendingsarbeid i Haugen Bok til unge aktive.

Oddmund Langlo var leiar ei tid, før Atgeir Almestad byrja på sin lange periode som formann i klubben. Det kunne periodevis vere vanskeleg å rekruttere nye medlemar til styret, men Almestad gjekk trottig på som leiar fleire år på rad. Dei siste åra har også Bjørn Helge Eliassen og Sidsel Goksøyr vore leiarar, og i 1999 har Åslaug Aarsæther leiarvervet.

Masters

Stundom kan ein få kjensla av at fortida innhentar ein, at ringen blir slutta.

Sentralbadet i Bergen ein aprildag i 1999: ei velkjend bergensk kommentatorrøyst piskar opp stemninga i det Lene Jensen Holmertz avgjer duellen mot Torill Bergersen på 100 m fri, like før har Sverre Kile symd 100 m fri på flotte 1.01,44, Åse Sandnes har tatt bronse på 100 m rygg. Godt kjende symjenamn dette, og om nokon trudde det, årstalet er ikkje feil. Vi er til stades på Ope norsk meisterskap for veteranar, på symjespråket kalla ”masters”.

Og voldingane hevdar seg i det gode selskap. Pia Borgstrøm tek gull på 800 m fri, og set like gjerne nordisk rekord i same slengen, Jørund Fet når toppen av sin karriere og får bronse på 100 fri. Tony Roberts haustar sin vane tru med seg ei mengd medaljar av ulike valørar på rygg- og frisymjing.

Det heile starta i 1995. Då stilte fire modne menn opp i Ope nordisk meisterskap for veteranar i Sandefjord. To år før hadde Øyvind Myklebust gjort comeback i bassenget 33 år gamal, og inspirert nokre andre avdanka symjarar til å byrje å trene att. Den eldste var nok den ivrigaste: Tony Roberts. Når forma byrja å kome, vart praten meir og meir dreia mot om ein ikkje skulle byrje å ta del på stemne? Konkurranseinstinktet hadde vakna. Dessutan var det å gjere comeback ein landsomfattande trend – fleire og fleire av dei gode, gamle symjarane dukka opp i konkurransane og meisterskapa symjeforbundet arrangerte utover i 90-åra. Her var det berre å henge seg på.

At Tony Roberts var den ivrigaste av veteranane er denne historia eit prov på: i juni 1996 deltok han i World Masters, VM for veteranar, i Sheffield, England. 4550 symjarar frå 46 nasjonar i alderen 26 til 98 var med, og Tony stilte opp på tre distansar. Tjuesjetteplass var beste plassering, men det kjekkaste var sjølvsagt opplevinga av å vere med på eit slikt arrangement i eit av dei flottaste symjeanlegga i verda.

Tony Roberts har ikkje fått med seg dei andre veteranane utanlands, men Robert Vatsaas, Stig Vinjevoll, Øyvind Myklebust, Pia Borgström og Jørund Fet har saman med Tony dei siste åra deltatt på veteran-NM i Sandefjord, Oslo, Stavanger og Bergen. I bagasjen heimatt har dei hatt med seg eit titals medaljar.

Eit aktivt veteranmiljø er med på å trygge framtida for symjeidretten i Volda

Medaljefangsten

Innhald kjem…

Innhald

Innhald