Politiattest

Kven treng politiattest?

Ordninga omfattar både tilsette og frivillige, og gjeld uansett om personen får løn for oppdraget eller ikkje. Det avgjerande er kva oppgåver vedkomande skal ha i idrettslaget. Det er ikkje all slags kontakt med mindreårige eller menneske med utviklingshemming som gjev høve til å avkreve politiattest. For at oppgåva skal reknast for å innebære eit tillits- eller ansvarsforhold meinar ein at oppgåva vil gje en posisjon overfor mindreårige/mennesker med utviklingshemming som muliggjer overgrep og at oppgåva vil gi eller sette personen i en slik posisjon over litt tid, anten samanhengande eller flere gongar med jamne mellomrom.   

Trenarar, instruktørar og lagleiarar som skal ha direkte kontakt med mindreårige eller mennesker med utviklingshemming, vil alltid være omfatta av ordninga.   

Idrettsstyret har valgt å gjere ordninga obligatorisk for å sikre at alle idrettslag har dei same gode rutinene for å forebygge overgrep. Alle mindreårige og mennesker med utviklingshemming i norsk idrett skal ha den samme ordningen og det same vernet uavhengig av kva idrett dei driv med eller kva idrettslag dei er knytt til.

Norges idrettsforbund tilrår idrettslag til å hente inn ny politiattest minimum kvart tredje år, eller i tilknytning til at trenaren får ei ny rolle i idrettslaget.

Søknadsprosedyre

Den som pliktar å fremlegge ein politiattest til idrettslaget, skal sjølv sende søknaden til politiet.  Dette kan gjerast elektronisk eller per alminnelig post. Før vedkomande kan søkje om en politiattest må han/ho få ei stadfesting frå idrettslaget på at det er eit behov for politiattest.

Les meir om politiattest på politiet si nettside.

Har du spørsmål eller er usikker på noko? Ta kontakt.