Volda Symjeklubb arrangerer innimellom treningsleirar for symjarar i alle aldrar. Ein treningsleir er ei intensiv og sosial treningsøkt over fleire dagar, der vi kombinerer symjing, landtrening, samarbeid, felles måltid og mykje moro.
Leirane gir symjarane høve til å utvikle teknikk, styrke og lagånd – samtidig som dei får nye venskap og gode opplevingar, ofte i feriar eller langhelger.
Vi inviterer gjerne symjeklubbar frå heile regionen, slik vi nyleg gjorde då deltakarar frå Ålesund, Sykkylven, Ytre Søre Sunnmøre og Volda fylte Voldabadet med energi og treningsglede. Slike leirar betyr mykje for både utøvarar, trenarar og frivillige – og vi gler oss kvar gong til neste!