Babysymjing i Volda

Babysymjing i Volda – forelder og barn i basseng

Babysymjing er ei leikprega vassaktivitet for born 0–2 år, der foreldre deltek aktivt i bassenget og alt skjer på barnet sine premissar. Tilbodet er lokalisert i Volda og passar for familiar i Volda og nærområda på Sunnmøre.

Vi tilbyr nye kurs med oppstart i januar 2026:

Onsdag, kl. 14.35–15.05

Fredag, kl. 14.50–15.20

Fredag, kl. 15.25–15.55 (vidaregåande)

Kva er babysymjing?

Under babysymjing har foreldra sjølve ansvaret for sitt barn. Dersom sysken skal vere med, krevst det minst ein vaksen for kvart barn som ikkje kan symje. Instruktøren skal gje råd og rettleiing.

Til no har det ikkje vore ulykker direkte knytte til babysymjing i Noreg. Fleire tusen babyar har delteke i slike aktivitetar. Heller ikkje frå utlandet, der babysymjing vert gjennomført etter same mønster som i Noreg, er det rapportert ulykker. Vi ser på glatte golvet som det største risikomomentet ved babysymjing. På same måten vurderer vi bilturen til og frå.

Hovudmålet med å delta på babysymjing er å lære babyen å vere trygg over og under vatn, samt øve på sjølvstende i vatn, uansett djupne og temperatur. Også ut frå eit tryggingssynspunkt kan ein drive med babysymjing. Babyar som har delteke i organisert babysymjing, har falle i vatnet i andre samanhengar og klart å redde seg sjølve.

  • Det er gøy!
  • Familien kan drive med ein aktivitet saman.
  • Symjing og andre vassaktivitetar er god trim og/eller avslapping for både barn og vaksne.
  • Vatn er eit element der vi kan røre oss lett i alle retningar. Vi har stor fridom i rørsle. Babyen greier å utføre rørsler som ikkje er mogleg på land. Han/ho vert frigjord frå ei sitjande eller liggjande stilling.
  • I tillegg til den fysiske treninga får babyen ei psykisk stimulering, for ikkje å snakke om moglegheita familien har til sosialt samvær. Ein møter andre familiar med små born og kan utveksle tankar, idear og erfaringar.
  • Babysymjing gir familien ekstra gode moglegheiter for leik og aktivitetar i vatn eller i tilknyting til vatn seinare i livet.

I prinsippet er det ingenting i vegen for å starte rett etter fødselen. Vass-temperaturen vil vere ein avgjerande faktor. Dei fleste som driv med babysymjing i Noreg, set ei nedre aldersgrense på 6-8 veker, eller/og 4 kg (gjeld babyen sin alder og vekt). Dersom temperatur og hygieniske forhold er gode, treng ein altså ikkje å setje nokon nedre grense. 

Eventuelle handicap er ikkje til hinder for å drive med babysymjing. Tvert imot viser forsøk at ein slik aktivitet har positiv effekt på borna. Om du er i tvil, tilrår vi å ta kontakt med lege.

Når barnet er blitt 2 år, eller ikkje lenger kan delta på babysymjing, bør foreldra halde fram med å gå i basseng med jamne mellomrom for å halde ferdigheitene ved like, til dømes ved å delta på babysymjingskurs.

Babysymjing kan gjennomførast i alle basseng med automatisk kloringssystem. Vasstemperaturen må vere mellom 32 og 34 grader C.

Meir informasjon til deltakarar på babysymjing kan du laste ned her

Babysymjing i Voldabadet
Klikk på bildet for å lese artikkel om babysymjinga i Voldabadet.