Aquayoga

Aquayoga og aquagym i Volda.


Aquayoga

Onsdagar kl. 15.00-16.00 med Tone og Ingvill

Aquayoga i basseng gjev ei avslappande treningsoppleving som styrkjer kroppen og løyser opp spenningar. Treninga i varmt vatn mjukar opp musklar og ledd, slik at øvingane blir både skånsame og effektive og byggjer styrke og fleksibilitet og har fokus på kjernemuskulaturen. Du lærer teknikkar for pust, avspenning og stressmeistring.

Aquayoga er ideelt for deg som ønskjer betre rørsle i skuldrer, rygg og hofter, byggje styrke, eller prøve ei annleis treningsform. Vassmiljøet reduserer belastningsskadar, gir auka leddvæskeproduksjon og mjukar opp kroppen.

Fordelane er mange: avspenning, auka balanse, betre konsentrasjon, avgifting av kroppen og betre søvn.

Aquayoga gir både fysisk og psykisk velvære, og høver for alle, uansett erfaring. 

Det er 10 plassar per aquayoga-gruppe. Dersom desse ikkje er booka av månedsabonnement, er det mogleg å komme på drop in-time. Du tingar og betalar via Spond. Månedsabonnement kostar 720,- (basert på 4 gangar per mnd). Nokre månadar er det tre kursdagar mens det kan vere 5 andre månadar, pris vil variere ut ifrå antall kursdagar per månad. 

Drop in

Vi nyttar Spond for organisering og betaling av drop in. Bli medlem i Spondgruppa vår om du ønskjer å få varsel når vi har arrangement med aquayoga og aquagym i bassenget. group.spond.com/XYWBJ

Drop in kostar 220,-.