Symjetrening for vaksne

Volda Symjeklubb tilby trening for vaksne. Det betyr at ein vert medlem av klubben og betalar treningsavgift.

reninga føregår i eigne, reserverte baner i symjegruppa sine treningstider, ofte samstundes som konkurransesymjarane trenar i andre baner.

Masters (veterangruppa)

Tidlegare konkurransesymjarar som ønskjer å trene og halde ferdigheitene ved like. Dei har også moglegheit for å bli med på Master-NM som vert arrangert kvar vår – og som voldingar har deltatt på jamt og trutt i 30 år.

Triatlonatletar

Triatlonutøvarar treng å trene symjing over lengre distansar. I Volda Symjeklubb kan dei trene symjing kvar dag.

Mosjonistar

Vaksne vil symje for å halde seg i form, og med ein viss treningsfrekvens vil dei utvikle symjeferdigheitene sine merkbart.

Treningstider i Voldabadet

(med atterhald)

Måndagar: 15.00–16.40 (3 baner) og 18.00 – 20.15 (2 baner)

Tysdagar:  17.00–18.30 (Saman med publikum) 20.30 – 2130 (6 baner)

Onsdagar: 0630–0750 (6 bane) 14.00 – 15.30 (6 baner) 

Torsdagar: 16.00–17.30 (4 baner)

Fredagar: 14.00–16.00 (3 bane) 

Årskontingent 2025

(Treningsavgift)

kr. 3.000,- 

Halvårleg fakturering.