Trygg i vatn-kurs

Kval (nivå 1)

Kvalmerke-nivået fokuserer på kjernefunksjonen ‘Dykke’, som medfører at ein skal kunne dykke kroppen under vatn. For å lære å symje må ein kunne opphalde seg under vatn – dykke, og orientere seg der. Dette betyr også at ein kan kontrollere pustinga: puste inn – dykke under – sjå og orientere seg – kome opp – puste ut og inn. 

Læringsmål: Kombinere hopp frå bassengkanten – dykke – orientere seg under vatn – hente gjenstandar til overflata 

Skilpadde (nivå 2)​

Skilpadde-nivået fokuserer på kjernefunksjonen ‘Flyte’, som medfører at ein opplever oppdrifta i vatnet. Den bevisste opplevinga av at vatnet ‘ber’ kroppen er heilt sentral i symjeopplæringa. Flytinga vert påverka av kroppshaldninga, og ikkje minst pustinga. Føresetnaden for å flyte er at mest mogeleg av kroppen er under vatn. Difor følgjer flyting etter dykking. 

Læringsmål: Flyte som ei pil (linjehaldning) på magen og på ryggen, med armane strekt fram, i minst 15 sekund på kvar side. 

Pingvin (nivå 3)

Pingvin-nivået fokuserer på kjernefunksjonen ‘Gli’, som betyr at ein flyt i rørsle, enten under vatn eller i overflata. Det gir deltakaren moglegheit til å erfare motstandskrafta til vatnet. Å gli føreset at ein kan halde pusten og flyte. 

Læringsmål: Kombinere aktivitetane hoppe – flyte opp – legge seg som ei pil  på magen i vassflata (linjehaldning) – gjere crawlbeinspark med armane stekt fram – snu over på ryggen – gjere beinspark i linjehaldning og puste. 

Selunge (nivå 4)

Selunge-nivået fokuserer på kjernefunksjonen ‘Framdrift’, som betyr at ein skaper framdrift i vatnet ved hjelp av arm- og beinrørsler. Målet er å nytte motstandskrafta i vatnet slik at rørslene fører til framdrift. 

Læringsmål: Stupe uti på djupt vatn – symje 12,5 meter på magen – skifte retning – symje 2-3 meter mot startstaden – stoppe – flyte i 30 sekund – symje på ryggen tilbake til utgangspunktet. 

Sel (nivå 5)​

På Sel-nivået har ein fokus på symjeartane crawl og rygg. Desse symjeartene har deltakarane lært grovkoordinert under den grunnleggjande symjeopplæringa. På dette nivået tek vi det eit steg vidare, og arbeider med øvingar som gjer at deltakarane skal kunne symje crawl og rygg finkoordinert. 

Læringsmål: 

  1. Kunne symje crawl og rygg finkoordinert. 
  2. Kunne varsle om hjelp (113), bruke «forlenga arm» og kaste redningsline/livbøye