Baby og småbarn

Volda Symjeklubb tilbyr eit trygt og leikande miljø i vatn for born mellom 0 til 6 år. Babysymjing er ein vassaktivitet der foreldre deltek aktivt, og fokuserer på å skape nærleik og tryggleik mellom foreldre og barn. Småbarnssymjing kombinerer leik med læring, og gir ungane naudsynte symjeferdigheiter og tryggheit i vatn. 

Kurstilbod

Babysymjing

Babysymjing er ei leikprega vassaktivitet der barn 0–2 år, saman med foreldre, får utforske vatnet på sine eigne premissar i ei trygg og nær ramme.

Småbarnsymjing

Ein trygg og kjekk aktivitet der barn, saman med føresette, får utforske vatnet i sitt eige tempo og oppleve glede og utvikling.

Organisert vassleik

Leikbasert tilbod for barn som ønskjer å utforske vatn, kjenne meistring og bli tryggare i bassenget.