
Mandagar kl. 18.15—19.00 ved Kristen
Aquagym er ein herleg treningsform der vi kombinerer musikk og rørsle i vatn. Dette er ei treningsform med varierte øvingar som er skånsam mot kroppen, samstundes som den utfordrar både kondisjon og styrke på ein leikande måte.
Dette kurset høver for alle! Er du, revmatikar, har bekkenplager eller ønskjer ei treningsform som er mild og effektiv – då er aquagym perfekt for deg. Her kan du nyte ei behageleg treningsøkt som gir energi og glede.
Drop in
Vi nyttar Spond for organisering og betaling av drop in. Bli medlem i Spondgruppa vår om du ønskjer å få varsel når vi har arrangement med aquayoga og aquagym i bassenget. group.spond.com/XYWBJ
Pris per drop in-time: 220,-
Det er 10 plassar per aquayoga-gruppe. Dersom desse ikkje er booka av månedsabonnement, er det mogleg å komme på drop in-time. Du tingar og betalar via Spond.
Innmelding
Løpande månedsabonnement
Vi tilbyr løpande månedsabonement til 720,- per månad per aktivitet. Kryss av under om du ønskjer å vere med på aquayoga eller aquagym.
Når ein har månedsabonoment må ein betale 200,- i medlemskap i VTI-symjing, og eit eingangsbeløp på inngangsarmband til 150,-.
Vi nyttar Spond for organisering og betaling. Bli medlem i Spondgruppa vår og få oversikt over alle timane: group.spond.com/XYWBJ