Lyset speglar seg mjukt i det varme vatnet. Bassenget er stille, avskjerma frå resten av anlegget, og denne stunda er berre for babyane og foreldra deira. Små hender plaskar forsiktig i vassflata, medan store smil går att mellom vaksne som senkar skuldrene og let tempoet falle.
Slik startar ei vanleg økt med babysymjing i Voldabadet.
For Elisabeth Myrås Olsen og sonen Storm blei eit åtte vekers kurs ei varm og trygg oppleving – ei stund der vatn, leik og nærleik fekk stå i sentrum.
– Vi blei tipsa av andre foreldre som hadde gode erfaringar, og kjende raskt at babysymjing kunne vere noko for oss. For oss handla det først og fremst om å gi Storm tryggleik i vatn, men også om å få ei god stund saman!
Storm var rundt tre og ein halv månad gammal då dei starta. Etter å ha gått glipp av dei første øktene, var det ekstra viktig at det første møtet med bassenget blei roleg.
– Storm var nysgjerrig og roleg, men også litt skeptisk, noko som kjennest heilt naturleg. Som forelder kjende eg meg godt ivareteken, mykje takka vere ein instruktør som var flink til å møte oss der vi var og la oss ta alt i vårt eige tempo.
Ei trygg ramme for både barn og foreldre
Instruktøren for dette kurset er Tone Solhaug, som også arbeider som aquayoga-instruktør i Volda Symjeklubb. Ho opplever at ei roleg stemning i bassenget ofte legg grunnlaget for ei god økt.
– Eg synest babysymjing er ein veldig givande jobb. Det er fint å sjå korleis foreldre og barn finn ro saman i vatnet, og korleis tryggleiken gradvis veks i gruppa.
Ho fortel at mange babyar møter vatnet med ei openheit som kjennest lett og uanstrengt, særleg når dei får kome tidleg i gang.
– Babyane tek vannelementet veldig naturleg. Dei har jo lege i mors mage i ni månader, og for mange opplevast vatnet som både kjent og trygt.
Små rørsler, store smil
Gjennom kurset har Elisabeth merka ei tydeleg utvikling hos Storm. Frå forsiktige rørsler til meir aktiv plasking og sparking, både i bassenget og heime i badekaret.
– Storm har blitt meir aktiv med beina, og han har lært seg å plaske og sparke i vatnet. Det har gjort at badestundene heime har blitt mykje meir livlege.
Ho fortel også om glede og nærleik i bassenget.
– Babysymjinga er ei stund der vi er tett på kvarandre og deler ei positiv oppleving.
På barnet sine premissar
I babysymjing handlar det ikkje om å prestere, men om å skape gode opplevingar på barnet sine premissar, fortel Tone. Økta er bygd opp med song, leik og enkle øvingar i vatn. Dette skal gi babyen positive erfaringar og leggje eit trygt grunnlag for vidare symjeferdigheiter. Vatnet gir rom for leik, nærleik og fridom i rørsle.
Tone legg vekt på at tidlege og gode møte med vatn kan vere verdifulle også på sikt.
– Noko av det kjekkaste er å sjå progresjonen frå første til siste økt – meir tryggleik, meir glede, og ofte både smil og latter. Å kjenne seg trygg i vatn er noko mange har glede av heile livet. Det er fint å få vere med og leggje eit lite, men viktig fundament.
Fellesskap i ei roleg stund
For Elisabeth har babysymjinga også gitt eit fellesskap med andre i same livsfase. I bassenget møtest foreldre og andre nære omsorgspersonar, noko som skapar ei varm og inkluderande stemning.
– Det har vore kjekt å møte andre foreldre og babyar i same fase, og kjenne på eit fellesskap.
Ho opplever at trygge rammer og god tilrettelegging har vore avgjerande for at opplevinga har blitt så positiv.
– Instruktøren vi hadde var trygg, roleg og tydeleg, noko som gjorde at eg som forelder kunne senke skuldrene. Opplegget i vatnet var fleksibelt, med rom for tilpassing til kvar enkelt baby. Anlegget fungerer også veldig godt for små barn, med eigen garderobe og matter der vi kan leggje babyen trygt medan vi dusjar og kledde på oss sjølve.
For foreldre som er litt usikre på om babysymjing er noko for dei, har Elisabeth eit klart råd.
– Prøv, og ta det i ditt eige tempo. Eg var sjølv særleg usikker på garderobesituasjonen på førehand, og såg for meg at det kunne bli stressande og litt kaotisk. I praksis gjekk det veldig fint, nettopp fordi alle i garderoba er i same situasjon og kan hjelpe kvarandre. For oss har babysymjing blitt ei veldig positiv oppleving.
Klar for nye babyar på nyåret
Babysymjing i Voldabadet blir tilbydd i regi av Volda Symjeklubb og er retta mot born i alderen 0–2 år.
– Vi er fire babysymjingsinstruktørar som synest dette er utruleg kjekt, og vi gler oss stort til å ta imot nye grupper med babyar på nyåret, seier Tone.
For Storm og familien er vegen vidare klar.
– Vi ønskjer å halde fram med babysymjing og planlegg å melde oss på fleire kurs etter kvart som Storm blir eldre. I tillegg har vi lyst å bruke bassenget jamleg, slik at vatn blir ein naturleg og trygg del av kvardagen hans.
Bak ønsket om å halde fram ligg mange små og fine augeblikk i bassenget som har gjort inntrykk.
– Det aller finaste har vore å sjå utviklinga frå første til siste time. Mot slutten fekk vi både smil og latter, og Storm var tydeleg engasjert i symjinga. Å sjå meistringa hans har vore ei stor glede.