Sparebanken Møre og Volda Symjeklubb inviterer små og store til gratis badedag! Dette blir ein dag full av aktivitet, glede og trygge opplevingar i vatn – perfekt for familiar, barn og alle som vil oppleve kor gøy det kan vere i Voldabadet.
Dato: laurdag 31. januar 2026
Tid: Pulje 1: 10:00 – 13:00 / Pulje 2: 13:00 – 16:00
Stad: Voldabadet
Pris: Gratis
Dette kan du oppleve
Volda Svømmeklubb ønskjer å skape meir vassglede, tryggleik og fellesskap i lokalmiljøet. Med støtte frå Sparebanken Møre kan vi invitere til ein open og gratis dag der fleire får oppleve kor gøy det er å vere i vatn.
På badedagen legg vi tilrette for ein aktiv og leiken dag i Voldabadet. Du kan oppleve:
Wibit-leik
Sklie & stup
Sauna & kaldkulp
Svømming, jacuzzi & motstraum
Leik og moro for heile familien
Dette er ein lågterskel dag der alle kan vere med – uansett alder og nivå.
Påmelding
Det er begrensa antall plassar so ver tidleg ute! Meld deg på her.
Gratis aquayoga og aquagym
Vi tilbyr også gratis aquayoga og aquagym for vaksne denne dagen!
🕘 Kl. 09.00–09.45
Aquagym med Linda – i det store bassenget
Energisk, enkel og morosam trening til musikk. Passar for dei fleste.Aquayoga med Tone – i oppvarmingsbassenget
Rolig økt med fokus på pust, flyt og avspenning. Perfekt for å lande i kroppen.
Etter økta er det mogleg å nyte kaldkulp og sauna for den som ønskjer det – ei herleg avslutning på morgonen.