Open symjehall 28. mars

Crawl

Volda Symjeklubb inviterer små og store til open symjehall! Dette blir ei fin morgonstund full av aktivitet, glede og trygge opplevingar i vatn.

📅 Dato: laurdag 28. mars 2026
🕒 Tid: 08.30 – 10.45
📍 Stad: Voldabadet
🎟️ Pris: Gratis

 

Volda Svømmeklubb ønskjer å skape meir vassglede, tryggleik og fellesskap i lokalmiljøet. Med støtte frå Gjensidige Stiftelsen kan klubben invitere til ei open og gratis stund der fleire får oppleve kor kjekt det er å vere i vatn.

Fast tilbod gjennom våren

Det nærmar seg sommar, og vi ønskjer å sette fokus på svømmeopplæring. Volda Svømmeklubb inviterer difor til slike dagar annan kvar laurdag gjennom våren, slik at endå fleire kan finne tryggleik og glede i vatn.

Tema denne gongen: Crawl

Kvar badedag har eige tema. Denne gongen er temaet crawl, og det vil vere instruktørar til stades for deg som ønskjer å lære meir om crawlteknikk. Enten du er heilt ny eller vil finpusse detaljar, kan du få rettleiing og enkle tips som gjer det lettare å meistre symjinga.

Velkomen til ein kjekk dag i vatn – saman skaper vi meir vassglede i Volda!

Del nyheita:

Relaterte nyheiter

Volda Symjeklubb og Sparebanken Møre

Sparebanken Møre og Volda Symjeklubb inviterer små og store til gratis badedag! Dette blir ein dag full av aktivitet, glede og trygge opplevingar i vatn – perfekt for familiar, barn og alle som vil oppleve kor gøy det kan vere i Voldabadet. Dato: laurdag 31. januar 2026 Tid: Pulje 1:

Paratreningsleir i Voldabadet i januar 2026

Frå fredag 9. januar til søndag 11. januar samla parasymjarar frå fleire klubbar seg i Voldabadet til ei treningshelg prega av både høg kvalitet på øktene og sterkt sosialt fellesskap. Helga baud på symjeøkter, landtrening, felles måltid og gode pausar – og gav deltakarane både meistring og nye venskap. Trening