
Mandagar kl. 18.15—19.00 ved Kristen
Aquagym er ein herleg treningsform der vi kombinerer musikk og rørsle i vatn. Dette er ei treningsform med varierte øvingar som er skånsam mot kroppen, samstundes som den utfordrar både kondisjon og styrke på ein leikande måte.
Dette kurset høver for alle! Er du, revmatikar, har bekkenplager eller ønskjer ei treningsform som er mild og effektiv – då er aquagym perfekt for deg. Her kan du nyte ei behageleg treningsøkt som gir energi og glede.
Vi tilbyr løpande månadsabonnement til 720,- per månad, basert på 4 gongar (180 kr. per gong). I enkelte månadar er det tre timar, i andre opp til fem. Pris vil variere ut ifrå tal timar per månad.
Når ein deltar på aktivitet i regi av VTI-symjing må ein melde seg inn som medlem i klubben. For vaksen kostar det 200,- per år.
Ein må også kjøpe inngangsarmband til Voldabadet som kostar 150,-. Dette er ein eingongsutgift. Desse banda nyttar du også til skapa i garderobene.
Vi tilbyr også Drop in
Vi nyttar appen Spond for organisering og betaling av drop in.
Det er 20 plassar per aquayoga-gruppe. Dersom desse ikkje er booka av månedsabonnement, er det mogleg å komme på drop in-time.
Bli medlem i Spondgruppa vår om du ønskjer å få varsel når vi har arrangement med aquagym og aquayoga i bassenget. Påmeldingsfrist på drop in er kl. 17.15 same dag i Spond.
Drop in kostar 220,-