VTI-symjing deltok nyleg på Nordfjordeid sitt hauststemne, og fekk der stadfesta at klubben er i god utvikling, både kvalitativt og kvantitativt. Kvaliteten kjem til syne i framgangen symjarane har i bassenget, både når det gjeld teknikk og oppnådde tider på distansane. Og for første gong på mange år stilter klubben med seks symjarar i dei opne klassene, i tillegg til dei seks som sumde i rekruttklassa.
Debutantane i konkurranseklassene hadde alle positive opplevingar. Dei sette personlege rekordar, og alle forsynte seg av premiebordet. Førebels vert desse ferske symjarane påmelde på fri- og ryggdisiplinane, som dei har trena mest på. Bryst og butterfly er meir krevjande å symje, også i forhold til å unngå diskvalifikasjon grunna feil teknikk.
Nathalie Gjerde Ervik (f. 2014) tok førsteplass på 100 rygg og andreplass på 100 fri. Ho sumde også inn til bestenotering på 50 fri og 50 rygg. Ane Madelen Larsen (f. 2011) fekk med seg heim heile tre førstepremiar i si klasse, ho sumde dei same distansane som Nathalie. Det gjorde også Siobhán Zoë van Bemmel (f. 2013). Ho fekk sin førstepremie på 50 fri.
Troy Todorov (f. 2016) er ein ung symjar som no var moden for å stille i opa klasse på fri- og ryggdistansane, etter om lag seks månader trening i rekruttgruppa. Allereie no sym han under 40 på 50 fri (39,96). Han viste vinnarvilje i innspurten og slo sin eldre konkurrent i bana ved sidan av med 3/100 sek.
Elida Mjelva Straume (f. 2013) og Astrid Kobbevik Mikalsen (f. 2014) er dei to «veteranane» i klubben. Desse har trena symjing og deltatt i konkurransar frå tida klubben hadde si verksemd i Ulsteinvik. Hovudmålet for sesongen er å symje fort på landsdel årsklassemønstringa til våren neste år. Dei konkurrerer difor i dei relevante øvingane til LÅMØ på kvart stemne framover. Begge sette solide personlege rekordar på 400 fri, Astrid betra seg med 21 sek. til 7.08,90 og Elida med 14 sek. til 6.42,39. Astrid sumde også 200 bryst (ny bestetid med 17 sek.) og 200 rygg (også 14 sek. pers.). Her fekk ho også 1. plass, i tillegg til dei to premierte 2. plassane ho hadde frå før. Elida har utvikla butterflysymjinga si, og sette pers. rek på 100-meteren med to sek. Men mest imponerande var det å sjå henne på 50-meteren. Det løpet vekte oppsikt i hallen. For første gong under 40 sek. på distansen, 39,92 og 1. premie. Elida sumde til saman seks øvingar på stemnet, og kunne ta med heim medaljar for fire 2. andreplassar og to 1. plassar.
Parasymjaren vår Elias Kobbevik Mikalsen imponerte ved å symje absolutt alle rekruttøvingane laurdag og søndag, fem kvar dag. Han fekk ikkje mykje pause mellom slaga! Dei andre rekruttsymjarane var meir beskjedne, og deltok berre laurdagen. Rekruttane sym korte distansar, 25, 50 og 100, alle disiplinar. Tider vert registrert, men symjarane vert ikkje rangert. Ingen vert diskvalifisert og alle får deltakarpremie. I tillegg til Elias stilte VTI-symjing med Jorunn Wiksnes Romestrand, Ruben Olsen Kårstad, Olav Thomassen Solheim, Jo Hesselberg Sætre og Vetle Lappegard Wangberg. Alle desse trenar jamt og har framgang i bassenget. Det er berre tidsspørsmål før desse også er klare til å stille i opa klasse. Den som kjem til Voldabadet andre helga i advent får sjå.
Julelauget er neste store oppgåve for symjegruppa, dette tradisjonsrike symjestemnet som har vore arrangert i Volda sidan midt på 1960-talet. Her vil både dei som sym i rekrutt og opa klasse få vist seg fram. Så veit vi at det kjem tilreisande klubbar frå heile regionen som vil prøve ut det flotte symjeanlegget vi har fått i kommunen.
VTI-symjing