Julelauget tilbake i Voldabadet – ei helg full av symjeglede!

Julelauget 2025


6.-7. desember var det endeleg tid for Julelauget igjen i Voldabadet – eit stemne som ikkje har vore arrangert sidan 2018.

Med over 200 påmelde symjarar frå ulike klubbar på Sunnmøre blei det ei energirik og innhaldsrik helg som sette flott punktum for symjeåret.

Volda Symjeklubb stilte sterkt med både rekruttar og konkurransesymjarar. Rundt 20 aktive symjarar deltok i open klasse, og ti av desse er unge utøvarar som ønskjer å satse vidare. I tillegg stilte klubben med ei stor gruppe rekruttar, som fekk vise både mot, innsats og symjeglede i bassenget.

Naboklubbar bidrog med dommarar og støttepersonell, noko som gjorde det mogleg å gjennomføre arrangementet på ein trygg og god måte. Det set klubben stor pris på. Mange av dei tilreisande uttrykte òg begeistring for både fasilitetane og miljøet i Voldabadet.

Julelauget vart ein suksess på alle måtar – både sportsleg og sosialt. Det er tydeleg at interessa for symjing i regionen er på veg opp, og at tradisjonar som dette betyr mykje for symjemiljøet.

Tusen takk til alle som deltok, heia, hjelpte til og gjorde helga til ei flott oppleving.

Og tusen takk til hovudsponsoren vår, Sparebanken Møre!

Del nyheita:

Relaterte nyheiter

Volda Symjeklubb og Sparebanken Møre

Sparebanken Møre og Volda Symjeklubb inviterer små og store til gratis badedag! Dette blir ein dag full av aktivitet, glede og trygge opplevingar i vatn – perfekt for familiar, barn […]

Paratreningsleir i Voldabadet i januar 2026

Frå fredag 9. januar til søndag 11. januar samla parasymjarar frå fleire klubbar seg i Voldabadet til ei treningshelg prega av både høg kvalitet på øktene og sterkt sosialt fellesskap. […]