Vil du støtte symjeklubben og bidra til at vi kan gi eit godt og utviklande tilbod til både barn og vaksne i Volda-regionen? Alle som deltek på aktivitetar i regi av Volda Symjeklubb må vere medlem, men du kan òg støtte klubben ved å bli støttemedlem.
Som medlem er du med og løftar klubben – berre ved å vere registrert hjelper du oss, sidan vi får statleg støtte ut frå kor mange medlemmar vi har. Kvar einaste medlem betyr mykje!
Støttemedlemskap passar for deg som ønskjer å støtte arbeidet vårt, aktivitetane våre og utviklinga av klubben. Som medlem frå du òg stemmerett på årsmøtet og kan påverke retninga til klubben.
For innmelding av barn må føresett(e) registrere seg først. Ved innmelding vil ein også få melding frå idrettsforbundet om å stadeste medlemskapet.
Pris: 100,- per år
Innmelding: Du melder deg inn via Norges Idrettsforbund.
For stemmerett må kontingenten vere betalt seinast éin månad før årsmøtet, og du må ha fylt 15 år.
Tusen takk for at du støttar Volda Symkjeklubb!