Om oss

VTI Symjing er ein symjeklubb som held til i Volda. Vi er ein del av Volda Turn og Idrett – Allidrett.

Vi har Voldabadet som vår trenings- og kursarena. Bassenget vårt er 25 meter langt og 15,5 meter breitt. Ein del av kursverksemda vil gå føre seg i terapibassenget på 12,5 x 9,5 m. Vi har stupebrett på ein, tre og fem meter.

Visjonar og verdiar

Visjonar

VTI-symjing skal vere ein klubb med kvalifikasjonar og ressursar til å: 

  • gi ungar tryggleik og glede ved å vere i vatn 
  • lære barn, unge og vaksne å symje med effektiv teknikk
  • vere ein klubb som foreldre ynskjer å sende barna sine til og ynskjer å engasjere seg i
  • skape symjarar som kan konkurrere på eit nasjonalt nivå, dvs. kvalifisert til ÅM landsfinale, jr-NM og sr.-NM
  • gjennomføre eigne arrangement med god innsats, arbeidsdeling, organisering og kvalitet
  • vere ein attraktiv samarbeidspartnar for lokalt næringsliv og andre organisasjonar og klubbar
 
 
 

Verdiar

Klubben sine kjerneverdiar er:

  • Engasjert 
  • Inkluderande 
  • Kvalitetsbevisst 
  • Samfunnsansvar 
  • Tryggleik
  • Stoltheit
  • Meistring

I Volda symjeklubb er vi stolte av alle dei engasjerte trenarane våre! Med varme, kunnskap og ekte entusiasme deler dei vassglede, meistring og rørsle med små og store. Målet vårt er at alle som kjem til oss skal kjenne seg trygge, inkluderte og inspirerte – og oppleve gleda ved å vere i vatn.

 

Styret

Arne S

Arne Straume

Styreleiar/Kasserar

Tor4

Tor Mikalsen

Nestleiar

Jørund Fet

Jørund Fet

Styremedlem

Runa

Runa Bakke

Styremedlem

Janette

Janette Kobbevik Mikalsen

Styremedlem

Jan Erik

Jan Erik Hestholm

Dagleg leiar