Vedtekter

VTI-Symjing, stifta 1963

§ 1. FORMÅL

Klubben er sjølveigd og frittståande med berre personlege medlemmer. Føremålet til klubben er å drive idrett organisert i Norges Idrettsforbund. Klubben skal spesielt arbeide for utvikling og fremjing av symjesporten.

§ 2. ORGANISATORISK TILKNYTNING

Klubben er medlem av NIF gjennom Volda Turn- og Idrottslag, allianseidrettslag. Klubben er medlem av Norges Svømmeforbund gjennom Møre og Romsdal Svømmekrets.

§ 3. MEDLEMMER

Alle som lovar å følgje lovene og vedtektene til klubben, kan bli tekne opp i klubben.

Alle medlemmene pliktar å følgje lovene og organisasjonsleddet til NIF, i tilleg til klubben sine eigne lover og vedtekter. Medlemskap i klubben er først gyldig og blir rekna frå den dagen den første kontingenten er betalt.

§ 4. RØYSTERETT OG VALBARHEIT

For å ha røysterett på klubbmøta, må eit medlem ha fylt 16 år, ha vore medlem i minst éin månad, og ikkje skulde klubben kontingent.

Alle medlemmer som har røysterett, er valbare til tillitsverv i klubben og som representant til ting eller møte i overordna idrettsorganisasjon.

§ 5. KONTINGENTAR OG AVGIFTER

Kontingenten blir fastsett av årsmøtet og skal betalast ved forfall etter utsendt faktura.

Medlemmer som skuldar kontingent for meir enn eitt år, har ikkje røysterett eller andre rettar, og kan strykast som medlem av klubben. For å eventuelt bli gjeninnteken, må ein gjere opp for seg økonomisk først.

Styret kan fastsetje avgifter for kurs som blir haldne i regi av klubben, og fastsetje treningsavgifter og andre avgifter for tiltak som blir starta i regi av klubben.

§ 6. GODTGJERSLE TIL TILLITSVALDE

Tillitsvalde og trenarar kan motta refusjon for faktiske utgifter, som må vere dokumenterte.

Refusjon for faktiske utgifter skal gå fram av klubben sitt budsjett og rekneskap.

§ 7. INHABILITET

For klubben sine tillitsvalde, oppnemnde tillitspersonar og tilsette, gjeld inhabilitetsreglane til NIF (jmf. NIF si lov §§ 2-7).

§ 8. STRAFFESAKER

For alle straffesaker gjeld lova til NIF, kapittel 11 (NIFs Straffebestemmelser).

§ 9. ÅRSMØTET

Klubbens høgste mynde er årsmøtet som blir halde kvart år innan utgangen av mars.

Årsmøtet blir innkalla av styret med minst éin månads varsel, direkte til medlemmene eller ved kunngjering i pressa. Framlegg som skal handsamast på årsmøtet må vere sendt styret seinast to veker før årsmøtet. Fullstendig saksliste må vere tilgjengeleg for medlemmene seinast éi veke før årsmøtet. For eventuelle framlegg om oppløysing av klubben, gjeld sakshandsaming som skildra i § 16.

Alle medlemmene i klubben har tilgjenge til årsmøtet. Ved behov kan styret invitere ikkjemedlemmer til årsmøtet for eventuelt å hjelpe dette.

Årsmøtet er vedtaksfør med det talet på røysteføre medlemmer som møter. Ingen har meir enn éi røyst, og røysting kan ikkje skje ved fullmakt.

På årsmøtet kan ein ikkje handsame vedtak om lovendring som ikkje er ført opp på sakslista seinast éi veke før årsmøtet. Andre saker kan handsamast og avgjerast når 2/3 av dei frammøtte krev det. Slik avgjerd kan berre takast i samband med vedtak om godkjenning av saksliste.

§ 10. LEIING AV ÅRSMØTET

Årsmøtet blir leia av ein vald dirigent, vald av årsmøtet. Årsmøtet vel også sekrtær.

§ 11. RØYSTING PÅ ÅRSMØTET

Om ikkje anna er bestemt, er eit gyldig vedtak gjort med vanleg fleirtal av dei avgitte røystene. Blanke røyster blir sett på som ikkje avgitt.

Val skjer skriftleg dersom det ligg føre meir enn eitt framlegg. Berre føreslegne kandidatar kan førast opp på røystesetelen. Skal ein velje fleire ved samme røysting, må stemmesetelen innehalde talet på dei ulike kandidatane ein skal velje i røystinga. Røystesetlar som er blanke eller inneheld ikkje-føreslegne kandidatar, eller anna tal på kandidatar enn det som skal veljast, tel ikkje, og røystene blir vurderte som ikkje avgitt.

Når eit val skjer enkeltvis og ein kandidat ikkje får meir enn halvparten av dei avgitte røystene, gjer ein eit bunde omval mellom dei to kandidatane som har fått flest røyster. Dersom det er likt tal røyster ved omvalet, blir valet avgjort ved loddtrekking.

§ 12. ÅRSMØTET SINE OPPGÅVER

Årsmøtet skal:

1. Godkjenne klubben si årsmelding.

2. Godkjenne klubben sitt rekneskap.

3. Handsame innkomne framlegg.

4. Fastsetje kontingent.

5. Vedta klubben sitt budsjett for komande år.

6. Bestemme klubben sin organsisasjon (opprette/avvikle grupper m.v.).

7. Velje styre for klubben.

  1. Leiar blir vald for 1 år
  2. Fylgjande styremedlemmer blir valde for 1 år:
    – Nestleiar
    – Kasserar/Sekretær – kan vere to personar
    – Styremedlem/Sportsleg leiar
    – 1 Styremedlem
  3. Valkomité på to medlemmer for neste års val

§ 13. EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE

Ekstraordinært årsmøte kan haldast når styret eller overordna idrettsmynde bestemmer det, eller minst éin tredjedel av dei røysteføre medlemmene krev det. Det blir kalla inn på samme måte som ordinært årsmøte, med minst 14 dagars varsel. Ekstraordinært årsmøte kan berre handsame og ta avgjerder i dei sakene som er kunngjorte i innkallinga.

§ 14. STYRET SINE OPPGÅVER

Styret skal leie klubben til medlemmene sitt beste, slik at det blir lagt til rette for sportsleg utvikling, samt ha ansvaret for at klubben blir driven økonomisk ansvarleg. Det skal handsame saker gjennom året som er relevant for for å utføre styret sine oppgåver. Styret kan nedsetje utval/nemder for å få utført oppgåver knytt til drifta av klubben.

§ 15. LOVENDRING

Endring i lova og vedtektene kan berre skje på ordinært eller ekstraordinært årsmøte etter å ha vore ført opp på saksliste, og det blir kravd to tredjedels fleirtal av dei avgitte stemmene.

§ 16a. PARAGRAF 16b KAN IKKJE ENDRAST

§ 16b. OPPLØYSING

Oppløysing av klubben kan berre vedtakast på ordinært årsmøte med to tredjedels fleirtal etter at framlegg om dette på førehand er oppført på sakslista, som er tilsend alle medlemmene minst 14 dagar før møtet. Blir oppløysing vedteken med minst to tredjedels fleirtal, held ein ekstraordinært årsmøte éin månad seinare.

For at klubben skal oppløysast, må vedtaket gjentakast her med minst to tredjedels fleirtal. Samanslåing med andre lag er ikkje å sjå som oppløysing av klubben. Vedtak om samanslåing og naudsynte lovendringar i samsvar med det, blir teke i samsvar med klubbvedtektene om lovendringar. I tilfelle oppløysing, tilfell klubben sine eigedelar Volda Turn- og Idrottslag eller føremål som er godkjende av Møre og Romsdal Svømmekrets. Ved oppløysing skal klubben sitt arkiv sendast til Volda Turn- og Idrottslag.

§ 17. KVA TID VEDTEKTENE STARTAR Å GJELDE

Denne lova gjeld når Årsmøtet har vedteke den med to tredjedels fleirtal.

Innhald

Innhald