Ønskjer di bedrift å bli vår samarbeidspartnar?

Vi er ein klubb med lange tradisjonar innan symjeidretten, og som i tillegg har tilbode symjekurs for barn og unge i mange år. Klubben er no inne i ein ny og særs spennande periode, der vi skal ta i bruk det nye og flotte Voldabadet.

For å ruste oss for den store veksten i interesse for aktivitetar knytt til det flotte symjeanlegget, så treng vi samarbeid med akkurat di bedrift!

Eit samarbeid med VTI-Symjing vil gi di bedrift mange fordelar:

  • Bli meir synleg lokalt
  • Skape nye og gode relasjonar
  • Skaffe rekrutterings- og forretningsmuligheiter
  • Vise støtte til viktig samfunnsoppdrag

Midlane frå samarbeidsparnerar gjer det mogleg for symjeklubben å bidra til at området vårt blir ein betre og tryggare stad å bu og vekse opp.

Vi syter for å gjere innbyggjarane i Volda, Ørsta og omegn symjedyktige og trygge i vatn

VTI-Symjing kan tilby våre samarbeidsparnarar ulike typar eksponering opp mot klubben sine aktivitetar. Ta kontakt, så blir vi samde om ei løysing!

Del nyheita:

Relaterte nyheiter

Denne veka har VTI-Symjing arrangert treningsleir i Voldabadet – med deltakarar frå Ålesund (AASLK), Sykkylven (SIL), Ytre Søre Sunnmøre Symjeklubb (YSSS) og våre eigne symjarar frå Volda (VTI-Symjing) Det har […]

Parasymjing

Vi har open dag måndag 29. september, kl. 16.30. Du kan sjå på frå land eller prøve deg i bassenget. Send ei melding om du vil kome så kan […]