Volda Symjeklubb inviterer små og store til open symjehall! Dette blir ei fin morgonstund full av aktivitet, glede og trygge opplevingar i vatn.
Dato: laurdag 28. mars 2026
Tid: 08.30 – 10.45
Stad: Voldabadet
Pris: Gratis
Volda Svømmeklubb ønskjer å skape meir vassglede, tryggleik og fellesskap i lokalmiljøet. Med støtte frå Gjensidige Stiftelsen kan klubben invitere til ei open og gratis stund der fleire får oppleve kor kjekt det er å vere i vatn.
Fast tilbod gjennom våren
Det nærmar seg sommar, og vi ønskjer å sette fokus på svømmeopplæring. Volda Svømmeklubb inviterer difor til slike dagar annan kvar laurdag gjennom våren, slik at endå fleire kan finne tryggleik og glede i vatn.
Tema denne gongen: Crawl
Kvar badedag har eige tema. Denne gongen er temaet crawl, og det vil vere instruktørar til stades for deg som ønskjer å lære meir om crawlteknikk. Enten du er heilt ny eller vil finpusse detaljar, kan du få rettleiing og enkle tips som gjer det lettare å meistre symjinga.
Velkomen til ein kjekk dag i vatn – saman skaper vi meir vassglede i Volda!