Oppstart av nye symjekurs i januar 2025

Ønsker du at barnet eller barnebarnet ditt skal bli trygg i vatn, og lære seg å symje? VTI-symjing planlegg no oppstart av nye symjekurs f.o.m. januar 2025. Eit lite atterhald må vi ta om at Voldabadet kjem i drift som planlagd.

Det vil bli arrangert tryggivatn-kurs på alle nivå for barn i alderen 4-16 år. For dei som er 17 år og eldre vil det kome tilbod om nybyrjarar og vidaregåande kurs i crawl/ryggsymjing. Det vil også bli arrangert teknikkurs i brystsymjing for vaksne.

Stad: Joplassen 1, 6102 Volda.

Påmelding

Når kursa blir lagt ut i løpet av oktober/november, kan du gå inn på nivåveljar under symjekurs for å finne ut kva kurs barnet ditt bør meldast på. Gå deretter inn på tryggivann.no og lag profil dersom du ikkje allereie har gjort dette. Søk  opp Møre og Romsdal –>Volda–> Voldabadet. (Volda TI-symjegruppa).

Tryggivann: https://tryggivann.no/index.aspx

Del nyheita:

Relaterte nyheiter

Babysymjing i Voldabadet
Lyset speglar seg mjukt i det varme vatnet. Bassenget er stille, avskjerma frå resten av anlegget, og denne stunda er berre for babyane og foreldra deira. Små hender plaskar forsiktig i vassflata, medan store smil går att mellom vaksne som senkar skuldrene og let tempoet falle.
Julelauget 2025

6.-7. desember var det endeleg tid for Julelauget igjen i Voldabadet – eit stemne som ikkje har vore arrangert sidan 2018. Med over 200 påmelde symjarar frå ulike klubbar på […]