Frå fredag 9. januar til søndag 11. januar samla parasymjarar frå fleire klubbar seg i Voldabadet til ei treningshelg prega av både høg kvalitet på øktene og sterkt sosialt fellesskap.
Helga baud på symjeøkter, landtrening, felles måltid og gode pausar – og gav deltakarane både meistring og nye venskap.
Trening og fellesskap hand i hand
Parasymjarar frå Førde, Eid, Ålesund og Volda symjeklubb deltok på treningsleiren.
– Dette vart ei helg som sette spor. Det var ein godt sliten, men særs nøgd gjeng som var samla i helga, fortel Janette Kobbevik Mikalsen, som er ein av paratrenarane i Volda Symjeklubb.
Leiren vart avslutta søndag med ei siste økt i bassenget, før felles lunsj og ei roleg oppsummering av helga.
Tilpassa økter for alle nivå
Treningane vart leia av Aasøk sin para-hovudtrenar Shelby og var tilpassa eit breitt spekter av nivå. Janette peikar på at mangfaldet blant symjarane er ei styrke.
– Det er stor spennvidde på symjarane, men det vert laga eit tilbod for absolutt alle med fokus på meistring, samt å pushe eigne grenser, seier Janette.
Denne tilnærminga gjorde at alle deltakarane fekk utbyte av treningsleiren, uavhengig av erfaring og føresetnader.
Gode rammer for parasymjing
Janette håpar treningsleiren kan bli starten på noko meir.
– Vi håpar det ikkje er siste gong vi får arrangere ein paratreningsleir i Voldabadet, seier ho.
Ho trekkjer også fram fasilitetane i anlegget som ein viktig suksessfaktor.
– Vi haustar mykje skryt for eit fantastisk anlegg som er godt tilrettelagt også for parautøvarane.
Vidare mot Landsstemnet
No reiser symjarane heim til sine eigne klubbar for vidare trening. Hovudmålet framover er Landsstemnet i Nordtvet bad i Oslo 7.–8. mars, der fleire av Voldasymjarane vil stille til start.
– Det sosiale fellesskapet som blir bygd gjennom slike leirar er avgjerande, meiner Janette.
– Det er viktig å knyte venskapsband både for symjarane, trenarane og personar rundt den enkelte symjar.
Voldasymjarane har vorte sett på kartet
Gjennom initiativ som denne treningsleiren har Volda Symjeklubb markert seg innan parasymjing på nasjonalt nivå.
– Voldasymjarane har vorte sett på kartet når det gjeld parasymjing, både på grunn av initiativ til paratreningsleir, men også fordi vi er ei nyoppstarta gruppe som har lagt til rette for gode treningshøve til paragruppa, seier Janette.
Som eit resultat av dette arbeidet skal Voldasymjarane halde innlegg under Webinar om Landsstemnet, arrangert av Norges Svømmeforbund, der dei vil løfte fram både betydninga av parasymjing og verdien Landsstemnet har – også for føresette.
Ønskjer fleire parasymjarar velkomen
Volda Symjeklubb ønskjer seg fleire parasymjarar og jobbar aktivt for å leggje til rette for at alle som ønskjer det kan delta.
– Det er fullt mogleg å kome for å sjå på ei trening og/eller prøve seg i vatnet. Det er berre å avtale med oss i forkant slik at vi får dykk inn i anlegget, seier Janette.
Ho avsluttar med å rose dei tilsette i anlegget.
– Personalet i Voldabadet er fantastiske til å yte service til symjarane våre, seier ho.