Symjeidrett

Volda Symjeklubb tilbyr eit breitt spekter av aktivitetar og treningsgrupper for barn, unge og vaksne – frå symjeopplæring og rekruttmiljø til konkurransegrupper, master/mosjon og parautøvarar. Klubben legg til rette for utvikling gjennom stemne, treningsleirar og varierte øvingar.

Treningsgrupper

Rekrutt

Dei som vil utvikle symjeferdigheitene vidare, og etter kvart kan tenkje seg å bli med på symjestemne, blir med i Rekruttgruppa.

K2

Når ein som rekrutt har lært seg det grunnleggjande i alle symjeartar, får ein tilbod om å bli med i Konkurransegruppe 2.

K1

Dei eldste symjarane finn ein i Konkurranse-gruppe 1. Desse trenar for å hevde seg på eit regionalt og nasjonalt nivå.

Master/Mosjon

Symjeklubben tilbyr trening for vaksne. Dette gjeld Masters (veterangruppa), Triatlonatletar og Mosjonistar.​

Paragruppe

Symjeklubben tilbyr trening for parautøvarar, med tilpassa opplegg som legg vekt på tryggleik, meistring og utvikling i vatnet.