Eit symjestemne er ein konkurranse der ein deltek i ein eller fleire øvelsar. Her skil vi mellom uapprobert og approbert stemne.
Uapprobert stemne: For alle som deltek på stemne for fyrste gong. Stemnet fyl ikkje fastsette reglar og har ikkje dommarar til stades.
Approbert stevne: Arrangerast i henhold til Norges svømmeforbund sitt regelverk. På eit approbert stemne har ein dommerar og kan dermed bli diskvalifisert dersom ein gjer tekniske feil, som for eksempel tjuvstart, gjer feil under vendingar og liknande.
Praktisk informasjon
Dette skjer på stemnet
Innsymjing
Alle stemne startar med innsymjing. Bassenget er ope for alle som skal delta på stemne.
Innsymjinga fungerer som oppvarming. Innsymjinga er viktig for å bli kjend med bassenget, kjenne på vatnet og vakne opp både fysisk og mentalt.
Etter innsymjinga er det viktig at symjarane held seg varme. Det gjeld å tørke seg godt skifte til ny badedrakt/bukse og ta på seg lette kle, då klubbkle. Det er lurt å ta på seg både bukse, sokker og innesko.
Før start er oppvarming på land påkrevd.
Start
Klubben stiller i dei aller fleste høve med trenar/lagleiar på stemne. Foreldre til dei yngste barna må passe på at borna møter opp til start til rett tid. Heatlister blir lagt ut for sal på stemnet eller er tilgjengeleg digital, slik at du kan fylgje med når dei ulike øvingane startar.
Reise og planlegging
Symjeutstyr
To badebukser/badedrakter (trenings- og konkurranse), to badehetter, symjebriller, eventuelt brett/paddles ol. til oppvarming.
Anna utstyr
Sko eigna for innebruk, minst to handdukar, kle til bruk mellom kvar økt (teknisk t-skjorte eller liknande, treningsbukse/shorts, klubbklede), drikkeflaske.
Mat og drikke
Matpakke, bananar og sjokolademjølk e.l. (til restitusjon etter kvar økt).
Satsar ved reise med bil
Symjarar/trenarar/føresette som sit på med andre betaler direkte til sjåføren etter følgande oppsett:
Eid kr. 50,-
Ålesund kr. 100,-
Brattvåg kr. 150,-
Molde/Førde kr. 200,-
Kristiansund kr. 300,-
Trondheim 350,-
Hamar/Bergen 450,
Overnatting/reise
Ein må sjølv tinge overnatting/reise.
Komande stemne
- There are no upcoming hendingar.