VTI-symjing vil tilby trening for vaksne. Det betyr at ein vert medlem av klubben (VTI-Allidrett) og betalar treningsavgift.
Treninga vil føregå i spesielt reserverte utlagte baner i symjegruppa sine treningstider, ofte samstundes som konkuransesymjarane trenar i andre baner.
Vi ser føre oss tre målgrupper:
Masters (veterangruppa)
Tidlegare konkurransesymjarar som ønskjer å trene og halde ferdigheitene ved like. Dei har også moglegheit for å bli med på Master-NM som vert arrangert kvar vår – og som voldingar har deltatt på jamt og trutt i 30 år.
Triatlonatletar
Triatlonutøvarar treng trene symjing over lengre distansar. I VTI-symjegruppa vil desse kunne trene symjing kvar dag.
Mosjonistar
Vaksne vil symje for å halde seg i form, og med ein viss treningsfrekvens vil desse utvikle symjeferdigheitene monaleg.
Treningstider i Voldabadet
(med atterhald)
Måndagar: 15.00 – 16.30
Tysdagar: 17.30 – 20.00
Onsdagar: 15.00 – 16.00 og 19.00 – 20.00
Torsdagar: 16.00 – 17.00 og 18.00 – 19.00
Fredagar: 17.00 – 19.00
Årskontingent 2025
(Treningsavgift)
kr. 3.000,-
Halvårleg fakturering.