Babysymjing arrangerast på torsdagar.
3-6 mnd: kl. 14-14.30
6-12 mnd: kl. 14.35-15.10
6-12 mnd: kl. 15.10-15.40
Kva er babysymjing?
Babysymjing er ein vassaktivitet for born i alderen 0-2 år, der foreldra deltek aktivt i bassenget. Aktiviteten er leikprega og legg vekt på den nære kontakten mellom foreldre og det nye familiemedlemmet, samt eventuelle sysken. Aktiviteten skal føregå på barnet sine premissar.
Under babysymjing har foreldra sjølve ansvaret for sitt barn. Dersom sysken skal vere med, krevst det minst ein vaksen for kvart barn som ikkje kan symje. Instruktøren skal gje råd og rettleiing.
Til no har det ikkje vore ulykker direkte knytte til babysymjing i Noreg. Fleire tusen babyar har delteke i slike aktivitetar. Heller ikkje frå utlandet, der babysymjing vert gjennomført etter same mønster som i Noreg, er det rapportert ulykker. Vi ser på glatte golvet som det største risikomomentet ved babysymjing. På same måten vurderer vi bilturen til og frå.
Hovudmålet med å delta på babysymjing er å lære babyen å vere trygg over og under vatn, samt øve på sjølvstende i vatn, uansett djupne og temperatur. Også ut frå eit tryggingssynspunkt kan ein drive med babysymjing. Babyar som har delteke i organisert babysymjing, har falle i vatnet i andre samanhengar og klart å redde seg sjølve.
Gode grunnar til å delta
• Det er gøy!
• Familien kan drive med ein aktivitet saman.
• Symjing og andre vassaktivitetar er god trim og/eller avslapping for både barn og vaksne.
• Vatn er eit element der vi kan røre oss lett i alle retningar. Vi har stor fridom i rørsle. Babyen greier å utføre rørsler som ikkje er mogleg på land. Han/ho vert frigjord frå ei sitjande eller liggjande stilling.
• I tillegg til den fysiske treninga får babyen ei psykisk stimulering, for ikkje å snakke om moglegheita familien har til sosialt samvær. Ein møter andre familiar med små born og kan utveksle tankar, idear og erfaringar.
• Babysymjing gir familien ekstra gode moglegheiter for leik og aktivitetar i vatn eller i tilknyting til vatn seinare i livet.
Når kan ein starte?
I prinsippet er det ingenting i vegen for å starte rett etter fødselen. Vass-temperaturen vil vere ein avgjerande faktor. Dei fleste som driv med babysymjing i Noreg, set ei nedre aldersgrense på 6-8 veker, eller/og 4 kg (gjeld babyen sin alder og vekt). Dersom temperatur og hygieniske forhold er gode, treng ein altså ikkje å setje nokon nedre grense.
Eventuelle handicap er ikkje til hinder for å drive med babysymjing. Tvert imot viser forsøk at ein slik aktivitet har positiv effekt på borna. Om du er i tvil, tilrår vi å ta kontakt med lege.
Kor lenge skal vi halde på?
Når barnet er blitt 2 år, eller ikkje lenger kan delta på babysymjing, bør foreldra halde fram med å gå i basseng med jamne mellomrom for å halde ferdigheitene ved like, til dømes ved å delta på babysymjingskurs.
Kvar kan vi ha babysymjing?
Babysymjing kan gjennomførast i alle basseng med automatisk kloringssystem. Vass-temperaturen må vere mellom 32 og 34 grader C.