Kurs

Symjegruppa arrangerer symjekurs for både barn, ungdom og vaksne. Ein blir mellombels medlem i symjegruppa ved å ta del på symjekursa, og vert difor også medlem i VTI-Allidrett, som symjegruppa tilhøyrer.

gut under vatn med symjemaske på

Kurspåmelding

Symjekursa til VTI-symjing administrerast gjennom web-portalen www.tryggivann.no.

Påmeldinga til symjekursa på er bindande. Dersom det føreligg sjukdom som vedvarer meir enn halve kurstida, kan det leggast fram legeattest. Elles kan kursa bli avlyste dersom det er for få påmelde. Kursavgifta vil då bli refundert.

Slik melder du deg på:

  1. Registrer deg: Gå inn på nettstaden og registrer ein brukar i namnet til deg som føresett. Lenka finn du øvst i høgre hjørne.
    NB! Sjølv om du skal melde på eit barn er det likevel du som skal opprette brukarkonto. Barnet registrerer du seinare.
  2. Meld deg på: Søk først fram kursa til “Volda TI” og vel den typen kurs du ønskjer. “Vannmerket” er lettast medan “Selunge” er for dei lengst komne. Trykk for meir info og deretter “Meld på”. No er det tid for å registrere barnet. Trykk lenka “Klikk for å registrere en person”. Etterpå merker du av og fullfører påmeldinga.

Komande kurs