Organisert vassleik

Leik i vatn.

Organisert vassleik er eit nytt og leikbasert tilbod for barn som ønskjer å utforske vatn, kjenne meistring og bli tryggare i bassenget. Timen passar for barn som vil leike, røre seg og lære gjennom gode opplevingar – heilt utan press.


Kva inneheld timen?

I løpet av 30 minutt deltek barna i:

  • Songleikar som kombinerer rytme og rørsle
  • Kjente barneleikar som t.d. “Gulvet er lava” og “Stiv heks”.
  • Varierte hinderløyper med element av framdrift, flyting og dykking
  • Aktivitetane er utvikla for å skape glede, engasjement og naturleg læring, og legg eit godt grunnlag for at barna seinare kan lære å symje. Gjennom timen får barna utvikle vasskjensle og tryggleik, øve på motorikk, balanse og koordinasjon, og oppleve fellesskap og meistring i vatn.

 

For kven?

Tilbodet passar for barn mellom 4 og 6 år som vil bli tryggare i vatn gjennom leik og aktivitet – uavhengig av tidlegare erfaring. 

Foreldre kan velje å sitte ved bassengkanten eller slappe av i kafeen medan barnet deltek.

Oppstart: januar 2026

Merk: Dette er eit heilt nytt tilbod, og vi har enno ikkje spikra fast dag eller klokkeslett. Akkurat no ønskjer vi berre å sjekke kor stor interessa er. Set deg difor på ei uforpliktande påmeldingsliste, så sender vi ut meir informasjon så snart oppstart, dag og tid er klart!