Småbarnssymjing er ein del av Norges Symjeskule. Det grunnleggjande fokuset i Noregs Symjeskule er:
- Symjeopplæringa skal vere gøy
- Utvikling av ferdigheiter i vatn
- Symjeteknisk utvikling
- Kognitiv utvikling
Noregs Symjeskule er eit pedagogisk progressivt undervisingsopplegg der ein lærer naudsynte ferdigheiter som gjer ungar trygge i vatn og habile symjarar.
Progresjonsnivåa har kvart sitt namn med beskriving av øvingar, ferdigheiter og mål.
Som deltakar i kurs i regi av VTI-symjing, vert ein medlem av VTI-Allidrett. Dette er lovpålagd gjennom idrettsforbundet for at barna skal vere forsikra. Familiemedlemsskap kostar kr. 250,- pr. år, gjeldande for alle idrettsaktivitetar under VTI-Allidrett.
Påmelding til symjekurs er bindande.
Duppe (nivå 1)
Tysdagar kl. 15.15-15.45 og 15.50-16.20
- Småbarnssymjing er for barn i alderen 2 til 5 år
- All aktivitet som skjer i småbarnssymjinga skal i størst mogleg grad vere basert på leik, sosialt samspel, glede og trivsel.
- Småbarnssymjing skal vere ein aktivitet som dei føresette gjer saman med barna sine, og dei føresette skal fungere som eit bindeledd mellom instruktøren og barna. Med dette som utgangspunkt vil både barn og føresette lære å meistre ulike ferdigheiter.
- Læringa som skjer for å nå ferdigheitsmåla skal i størst mogleg grad skje ved hjelp av leik. Barna (og dei føresette) leikar seg fram til meistring av ulike ferdigheiter.
- Aktiviteten skal vidare bidra til at barn og føresette blir trygge i vatn. Dette gjer at dei kan vere aktive og oppleve meistring og glede på eiga hand.
- Småbarnssymjing skal vere basert på leikaktivitetar som gjer at barna lærer å utnytte eigenskapane til vatnet (dykke-flyte-gli-framdrift) og meistre ferdigheiter som er viktige ut frå eit sjølvbergingsperspektiv.
Elias (nivå 2)
Tysdagar kl. 16.25-16.55
- Flyte avslappa/kontrollert på mage og rygg
- Rullere frå rygg til mage
- Dukke ned og symje mellom beina til ein føresett eller gjennom ein synkering
- Fråspark frå kanten i linje/rett kropp («pil»)
- Sittestup – gli i linje/rett kropp («pil») – symje med crawlbeinspark
- Henge i kanten – fråspark på ryggen med beinspark – rullere over på mage
- Hoppe/stupe uti – kome seg opp til overflata – flyte på ryggen – rullere over på magen – kome seg til kanten – klatre opp på kanten