Dei som vil utvikle symjeferdigheitene vidare, og etter kvart kan tenkje seg å bli med på symjestemne, blir med i Rekruttgruppa.
Innhaldet i treningane samsvarer med dei tre øvste nivåa i Trygg i vatn-kursa, dvs. «Sjøløve», «Delfin» og Hai». Sjå under på kva ein skal lære på desse nivåa. På rekruttreningane vil ein vidareutvikle crawl- og ryggsymjingsteknikken, men også lære seg skikkeleg brystsymjing og butterfly – og til slutt set vi det heile saman til medley.
Vi opnar for at ein kan byrje som Rekrutt sjølv om ein ikkje har gått Trygg i vatn-kurs. Alle som vil og har motivasjon til å byrje med symjeidrett skal få høve til det.
Kjernegruppa vil vere ungar i alderen 8 til 12 år, men også eldre born kan bli med.
Rekruttane kan ta del i konkurransar med premiering, men utan rangering.
Sjøløve (nivå 6)
På Sjøløve-nivået har ein fokus på å lære rørslene i bryst og butterfly (delfinbevegelsen). Deltakarane har lite erfaring med dette frå den tidlegare symjeopplæringa, så det er viktig å arbeide med det grunnleggjande på dette nivået.
Læringsmål
- Kunne utføre bryst- og butterflyrørsla (delfinrørsla)
- Kunne utføre overlevingsflyting og H.E.L.P.-stillinga (flyteteknikk i kaldt vatn, med redningsvest)
Delfin
På Delfin-nivået har fokus på å lære teknikk i bryst og butterfly. Frå Sjøløve-nivået har deltakarane fått erfaring med delfinrørsla, som kjenneteiknar både bryst og butterfly. På dette nivået skal deltakarane få meir kjennskap med symjeteknikkane i bryst og butterfly slik at dei meistrar desse grovkoordinert.
Læringsmål
- Kunne symje bryst og butterfly grovkoordinert
- Kunne symje med klede og trakke vatnet
Hai
På Hai-nivået har fokus på medleysymjing. Dette oppsummerer ferdigheitene og teknikkane ein har lært på dei føregåande nivåa. Medley er dei fire symjeartene sett saman i rekkefølgja butterfly, rygg, bryst og crawl. På dette nivået skal deltakarane vidareutvikle undervassymjinga, startar og vendingar.
Læringsmål:
- Kunne symje medley med korrekte vendingar
- Kunne utføre undervasskick, startar og alle vendingsvariantar med god teknikk
- Kunne grunnleggjande livredning i vatn
Treningstider i Voldabadet
(med atterhald)
Måndagar: 17:00 – 18:00
Tysdagar: 16:30 – 17:30
Onsdagar: 17:30 – 18:30
Torsdagar: 17:00 – 18:00
Fredagar: 16:00 – 17:00
Vi har i utgangspunktet bassengtid til rekruttane alle arbeidsdagar. Men vi ønskjer å konsentrere treningane til tre dagar, ut frå korleis det passar for ungane i høve til andre aktivitetar. Rekruttane kan trene ein, to eller tre dagar i veka der kvar økt varer ca. ein time.
Årskontingent 2025
(Treningsavgift)
kr. 2.500,-
Halvårleg fakturering.