VTI-symjing vil tilby trening og kurs for eiga paragruppe. Det betyr at ein vert medlem av klubben (VTI-Allidrett) og betalar treningsavgift.
Treninga vil føregå i spesielt reserverte utlagte baner i symjegruppa sine treningstider, ofte samstundes som konkuransesymjarane trenar i andre baner.
Vi ser føre oss to målgrupper:
Treningsgruppe
Kriterium vi ser føre oss for å delta i treningsgruppa i første omgang er:
* Dei som allereie er symjedyktig minst 25 meter
* Er klar for å trene to gongar per veke
* Er trygg i vatn
(NB! Trenar forbeholder seg retten til å gjere vurderingar på den enkelte utøvar i høve om treningsparti er rett eller om heller kurs for nybegynnarar er rett plassering)
Nybegynnarkurs - kurs 8 veker
Parasymjing for nybegynnerar er eit tilbod for personar med ulike funksjonsnedsettingar som ønskjer å lære grunnleggande symjeferdigheiter i eit trygt og inkluderande miljø. Fokuset ligg på meistring, tryggleik og trivsel i vatnet, der opplæringa blir tilpassa kvar enkelt deltakar sine behov og forutsetningar.
Gjennom leik og enkle øvingar jobbar vi med vasstilvenning, flyting, gli og grunnleggande framdrift i vatnet. Kurset bidreg til å styrke sjølvtillit, motoriske ferdigheiter og tryggleik i vatnet, samtidig som deltakarane får glede av fysisk aktivitet og fellesskap.
Vi ønskjer deg varmt velkomen til ein trygg og motiverande start på symjeopplevinga di!
Treningstider i Voldabadet
(med atterhald)
Måndagar: 16.30 – 17.30
Torsdagar: 17.00 – 18.00
Nybegynnarkurs:
Måndagar: 16:00-16:40
Årskontingent 2025
(Treningsavgift)
kr. 2.500,- pr år
kr. 1.590,- Nybegynnar – 8 vekers kurs
Halvårleg fakturering.