
Svangerskapstrening i basseng
Svangerskapstrening i varmt basseng er eit trygt og skånsamt tilbod for gravide som ønskjer å vere aktive gjennom svangerskapet. Treninga legg vekt på bevegelsesglede, styrke, sirkulasjon og avspenning – tilpassa den gravide kroppen. Øvingane vert gjort i varmt vatn (32–34 °C), som gjer det lettare å røre seg og gir god avlasting for ledd og rygg.
Timane passar for alle gravide, uansett form og erfaring. Det sosiale fellesskapet i gruppa er ein fin bonus!