Treninga er organisert i grupper på tre nivå – først og fremst etter kor flink ein er til å symje, men òg av omsyn til alder.
I tillegg har vi ulike nivå gjennom symjeskulen og kurs som vi arrangerer. Trenar/Instruktør avgjer om ein symjar er moden for opprykk mellom gruppene, og vil då ha samtale med symjaren saman med foreldra. Det er høve til å gjere individuelle avtalar om treningstider, t.d. i forhold til andre aktivitetar bornet tek del i.
Rekruttgruppa
Alle nye medlemmar startar som rekruttar. Her finn vi ungar frå 8 til 10 år. Rekruttane vidareutviklar dei grunnleggjande symjeferdigheitene og er innom alle symjeartane. Dei kan ta del i konkurransar med premiering, men utan rangering.
Bassengtrening 1-3 d./v.
K2
Når ein som rekrutt har lært seg det grunnleggjande i alle symjeartar, får ein tilbod om å bli med i konkurransegruppe 2. Symjarane deltek i opa klasse, reiser på større stemne og trenar først og fremst for å kunne kvalifisere seg for å delta i regionalt årklassemeisterskap. Denne gruppa har eit treningsfellesskap med YSSS – Ytre Søre Sunnmøre Symjeklubb – som vil halde fram i det nye Voldabadet.
Bassengtrening 2-4 d./v.
K1
Dei eldste symjarane finn ein i konkurransegruppe 1. Desse trenar for å hevde seg på eit regionalt og nasjonalt nivå: ÅM- årsklasse-meisterskapen, UM- Ungdoms-meisterskapen og Junior-/Senior NM. Også denne gruppa trenar i fellesskap med YSSS, både i Volda og i Ulsteinvik.
Bassengtrening 4-5 d./v.
Masters
Tidlegare symjarar som ønsker å trene og halde ferdigheitene ved like kan vere med i mastergruppa (veterangruppa). Dei har også moglegheit for å bli med på Master-NM som vert arrangert kvar vår.
Treningstider
VTI-symjing vil diponere mellom 2 og 4 baner i konkurransebassenget på ettermiddag- og kveldstid måndag til fredag. Timeplanen er enno ikkje bestemt, men vi ser føre oss dette:
Måndagar kl. 17 – 19
Tysdagar kl. 17 – 19
Onsdagar kl. 18 – 20
Torsdagar kl. 17 – 19
Fredagar kl. 16:30 – 18